Hopp til innhold
X
Innhald

Hartvig Kaas Munthe Lund

Hartvig Kaas Munthe Lund (1832–1915) frå Sogndal, busett i Ålesund og Bergen. Jurist, byfogd og borgarmeister.

Utdanna jurist som vart byfogd i Ålesund og rådmann same stad frå 1885. Han flytta seinare til Bergen, der han vart borgarmeister. Son til Jonas Lund og bror til Bolette C. Pavels Larsen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008