Hopp til innhold
X
Innhald

Haugianarar og Blåbokianarar

Hans Nielsen Hauge var på reise gjennom Sogndal, Hafslo og Luster i 1802 og skipa mange «veneflokkar» i desse bygdene.

Tilliks med haugianararmiljøet på Svanøy (sjå Haugianarane på Svanøy) , Vevring og Naustdal i Sunnfjord, kom mange reiseemissærar for rørsla frå Sogndal, Hafslo og Luster. I Sogndal vart Herman Andersson Hundere ein sentral haugianar. Han flytta seinare til Austlandet og vart ein leiande person i grunnleggjing av norske frikyrkjesamfunn.

- Les elles under Luster kommune artiklane om Haugianarane i Luster og Hans Feigum og den konservative «Feigianismen» som han skipa. På 1920-talet dukka det opp ei sterkt konservativ, kristeleg rørsle i Sogndal som kalla seg «Blåbokianarane».

Namnet hadde dei frå ei bok som ein kjøpmann i Haugesund, Peder Amlie, hadde skrive på 1870-talet. Blåbokianarane vart rekna som svært «ortodokse» haugianarar, og kalla seg sjølve «Hans Nielsen Hauges Venner» og «Dei heilage».

Dei kjempa m.a. imot innføring av landsmål (nynorsk) som dei hevda kom frå Helvete, og både Blix-salmane og nynorsk salmebok var «djevelen sine gjerningar». Dei fann m.a. sine åndsfrendar i ei gruppe i Vestfold som kalla seg jarlsbergianarar. Blåbokianarane hadde kjerneområdet sitt på øyane vest for Bergen. Alle desse «Hans Nielsen Hauges Venner» sytte også for å få trykt opp Martin Luthers originalutgåve av Det nye testamentet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.02.2009