Hopp til innhold
X
Innhald

Helgheim under krigen

Norsk vaktstyrke ved Helgheim sommaren 1945. Ukjend fotograf. Eigar: Gunvor Myrkaskog/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Norsk vaktstyrke ved Helgheim sommaren 1945. Ukjend fotograf. Eigar: Gunvor Myrkaskog/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ved krigsutbrotet var Sogndal Folkehøgskule, Helgheim, nytta som mobiliseringsstad for norske styrkar til stridane i Valdres. Under tilbaketoget frå kampane var det mange soldatar som bytte om til sivile klede på skulen og la frå seg våpna der før dei reiste heim.

Helgheim vart fram til 1941 rekvirert som kaserne av tyskarane. Seinare i krigen vart skulen nytta som losji for born som vart evakuerte frå Bergen. Dei hadde med seg eigen lærar som hadde undervining for Bergens-borna på skulen.

Etter krigen vart Helgheim ein kort periode nytta som samlingsstad for 30-40 norske nazistar og andre som ein mistenkte for samarbeid med tyskarane. Medan dei sat internerte i Sogndal, vart desse fangane nytta til ein del anleggsarbeid på idrettsplassen på Fosshaugene. Ut på hausten 1945 vart fangar som ikkje hadde fått sakene sine for domstolen, sende vidare til ein leir i Lærdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2010