Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik Formann

Formann reiser over Fillefjell. Målarstykke frå 1851 av I.C. Dahl (landskap) og sonen Siegwald Dahl (personar og dyr). (© Blomqvist Kunsthandel

Formann reiser over Fillefjell. Målarstykke frå 1851 av I.C. Dahl (landskap) og sonen Siegwald Dahl (personar og dyr). (© Blomqvist Kunsthandel

Henrik Formann (1800-1871) fødd på Lyse Kloster i Os ved Bergen, eigar av Stedje gard. Godseigar og fruktdyrkar.

Han gjekk i to år på Sverdrup sin landbruksskule på Jarlsberg hovudgard før han som 15-åring tok over den store eigedomen Lyse Kloster då faren døydde. I 1833 kjøpte han garden Stedje i Sogndal. På Stedje planta han ut store mengder frukttre. Stedje skulle på denne tida ha ein av dei største frukthagane i Norden med 6666 tre.

Formann fekk i 1858 første premie for Sogne-frukta på ei utstilling i Bergen. I tillegg til eple, stilte han då ut fersken, aprikos og druer som han hadde dyrka i drivhus. På hagebruksutstilling i London 1862 fekk han bronsemedalje.

Formann dreiv også planteskule på Stedje gard.

På 1830-talet vakna interessa for nye jordbruksreiskap mellom norske bønder. Formann sette i gang produksjon av fleire typar jordbruksreiskap på Lyse Kloster. Desse fekk bønder på Vestlandet kjøpe til halv pris fordi dei såkalla landhusholdningsselskapa skaut til halvparten.

Henrik Formann styrde både Lyse Kloster og Stedje med forvaltarar. Han budde på Stedje om sommaren og på Lyse Kloster om vinteren (kjelde: Os-soga). Formann selde Stedje gard til Henrik Krohn i 1874.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2009