Hopp til innhold
X
Innhald

Herman A. Hundere

Siste varebilen som vart brukt til å køyre ut varer frå landhandelen på Hundere. Ved bilen Randi Ruggesæter. Biletet er teke tidleg på 1960-talet. Foto frå Sogndal bygdebok, i privat eige.

Siste varebilen som vart brukt til å køyre ut varer frå landhandelen på Hundere. Ved bilen Randi Ruggesæter. Biletet er teke tidleg på 1960-talet. Foto frå Sogndal bygdebok, i privat eige.

Herman A. Hundere starta landhandel på Hundere i Sogndalsdalen i 1927. Han gjekk konkurs i 1929, og Gunnar Ruggesæter tok over. Tidleg på 1930-talet starta han slakteri.

Gunnar Ruggesæter dreiv også eit bakeri der dei kjende ”Fretlandsbollane” kom frå. Butikken vart driven til byrjinga av 1990-taket av Kaia Ruggesæter. Butikken nytta eigen varebil til å køyre ut varer til kundar i bygda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.01.2010