Hopp til innhold
X
Innhald

Herman Andersson Hundere

Herman Andersson Hundere (1827–1902) frå Sogndal, busett i Modum, Sande, Våle, Stavern og Oslo.

Bonde og lekpredikant. Han flytta i ung alder til Modum, der han gifta seg med Caroline Korsbøen i 1858. Dei dreiv garden på Hundere til dei i 1865 flytta til Sande i Vestfold, og i 1869 til Våle. Herman vart i 1877 tilsett som forstandar for frikyrkjelydane i Horten og Moss og vart ein av leiarane i frikyrkjemiljøet på Austlandet på slutten av 1800-talet. I 1892 flytta paret til Stavern, og då Herman vart enkjemann i 1899, flytta han til Oslo.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008