Hopp til innhold
X
Innhald

Hermetikkfabrikken i Fjærland Preserving

Hermetikkfabrikken Fjærland Preserving låg ved fjorden til høgre i dette biletet. Foto: Arild Nybø, NRK.

Hermetikkfabrikken Fjærland Preserving låg ved fjorden til høgre i dette biletet. Foto: Arild Nybø, NRK.

Det rike brislingfisket i Sognefjorden la tidleg på 1900-talet grunnlaget for i alt fire hermetikkfabrikkar i midtre Sogn: Sognefjorden Sardine Co A/S på Leikanger i 1908, Vik Hermetikkfabrikk i 1920, H.M. Knutsens Preserving (seinare Hermetikkfabrikken Viking) på Hermansverk i 1922 - og Fjærland Preserving L/L i 1923.

Det var Hans R. Mundal som starta hermetikkfabrikken i Fjærland etter at han i fleire år hadde drive tønneproduksjon.

Det rike brislingfisket i Sognefjorden la tidleg på 1900-talet grunnlaget for i alt fire hermetikkfabrikkar i midtre Sogn: Sognefjord Sardine Co. A/S på Leikanger i 1908, Vik Hermetikkfabrikk (Sardinen) i 1920, H.M. Knutsens Preserving (seinare Hermetikkfabrikken Viking) på Hermansverk i 1922 - og Fjærland Preserving L/L i 1923.

På slutten av 1920-talet vart fabrikken Fjærland Preserving teken over av eit aksjeselskap med Olai Reinen og Knut Distad som drivande krefter. På det meste hadde den 25 personar i arbeid, og fabrikken kunne produsere unna 200 skjepper brisling for dagen. Mykje av råstoffet skaffa notlaga i Fjærland.

Kasser, knott og Fjærlandssko

Fjærland Preserving L/L vart lagt ned i 1943. Maskinene vart selde ut av bygda og bygningane vart overtekne av Kr. Høisæther som nytta dei til kasse- og knottfabrikk og produksjon av souvenirartiklar. Seinare støypte han isoporprodukt og starta produksjon av Fjærlandsskoen. Etter at Høisæther slutta, har Jostein Teigen drive ein mindre produksjon av Fjærlandsskoen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2011