Hopp til innhold
X
Innhald

Hodlekve Skisenter A/S

Hodlekve Skisenter.

Hodlekve Skisenter.

Hodlekve Skisenter bygde alpinbakke med 1.015 meters skiheis i Hodlekve i Sogndalsdalen i 1979.

Her hadde ein drive med mindre tautrekk heilt frå kring 1970. Like etter opninga i 1979 arrangerte idrettslaget junior-NM i alpint. Selskapet som bygde bakken hadde kring 200 aksjonærar.

Ikkje lenge etter opninga fekk selskapet økonomiske vanskar, og etter nedskriving av gjeld, kjøpte Oddvar Uglum Hodlekve Skisenter og dreiv det til 2000, då eit nytt aksjeselskap med kommunen som hovudaksjonær og Sogndal Idrettslag som den nest største, overtok drifta.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2011