Hopp til innhold
X
Innhald

Idretten i Sogndal

Sogndal har i mange år yppa seg blant dei fremste fotballaga i landet, og på stadion på Fosshaugane har det vore ei enorm utvikling frå 1976 då trailerar var provisoriske tribuner i cupkampen mot Start. Dette biletet er frå seriekampen mot Start i 2011. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Fjærland skyttarlag

vart skipa i 1884. Skyttarlaget har 100- og 300-meters skytebane i Mundalsdalen og miniatyrskytebane i Bygdahuset. Aamund Mundal er den skyttaren frå Fjærland som har hevda seg best, m.a. har han vore i landsfinalen i Nationen-skytinga to gonger, og han har medalje og stjerne frå Landsskyttarstemna.

Skyting vart frå slutten av 1800-talet ein stor fritidsaktivitet i mange bygder. Dette biletet er teke i Fjærland på slutten av 1930-talet, og skyttaren er Sverre Solberg. Ukjend fotograf. Eigar: Fjærland Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndal skyttarlag

vart skipa i 1886. Det skipa også eit «barneskyttarlag» som underavdeling i 1899.

Travsporten i Sogndal

Travsporten har lange tradisjonar i Sogn, og Sogndal, Hafslo og Luster har vore kjerneområda for aktiviteten.

Sogn Travselskap

- sjå Travsporten i Sogndal.

Middalen skyttarlag

vart skipa i 1888.

Hopprenn på Lereimstølen på 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Johan Johannessen/Fylkesarkivet.

Hopprenn på Lereimstølen på 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Johan Johannessen/Fylkesarkivet.

Skiidretten i Sogndal

Sogndals Skilag vart skipa i 1895. I 1926 gjekk skilaget inn i det nyskipa Sogndal idrettslag. Det var hoppsporten som stod høgast i kurs i starten. Les også om Hodlekve Skisenter A/S.

Loftesnes skyttarlag

vart skipa i 1900. Dei bygde eiga bane som også vart mykje brukt av skyttarlaget i Sogndal.

Kvåle skyttarlag

vart skipa kring 1919.

Kvikk Skilag

vart skipa på Kaupanger i 1924. Laget vart avløyst av Kaupanger Idrettslag i 1935.

Sogndal-spelarar jublar for mål på Fosshaugane Campus. Foto: Rune Fossum, NRK.

Sogndal-spelarar jublar for mål på Fosshaugane Campus. Foto: Rune Fossum, NRK.

Fotballen i Sogndal

På herresida har fotballaget til Sogndal vore i toppsjiktet i landet sidan slutten av 1970-talet, medan damelaget Kaupanger har vore i den nest øvste divisjonen.

Sogndal Idrettslag - SIL

vart skipa i 1926. Sjå artikkelen Fotballen i Sogndal.

I Fjærland er det mange som har drive med skihopping. Dette er Olav Reinen. © Fjærland Sogelag/Fylkesarkivet.

I Fjærland er det mange som har drive med skihopping. Dette er Olav Reinen. © Fjærland Sogelag/Fylkesarkivet.

Fjærland Idrettslag

vart skipa i 1929.

Fotballag i Fjærland, truleg under andre verdskrigen. Spelarane er Johannes Tufte, Einar Tufte, Odd Skarestad, Otto Valle (Bergen),Odd Mundal, Sigmund Waatevik, Oluf Martiniussen (Bergen), Mikkel Skarestad,Magnus Mundal, Ola A. Berge, Harald Haugen, Per K. Bøyum, Johannes A. Bøyum. © Fylkesarkivet.

Ballbinge og sandvolleybane i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ballbinge og sandvolleybane i Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger Idrettslag

vart skipa i 1935, då det avløyste Kvikk Skilag som hadde vore i aktivitet i bygda sidan 1924. Om fotballen i Kaupanger - – Les samleartikkelen Fotballen i Sogndal.

Klubbhuset til Kaupanger Idrettslag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Klubbhuset til Kaupanger Idrettslag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal idrettshall

vart bygd på Fosshaugane på 1970-talet. Hallen er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Sogndal idrettshall. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal idrettshall. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sognahallen

Utover 1990-talet vart fotball og idrettsutdanning ei stor næring i Sogndal - særleg etter at Sognahallen vart opna i 1998.

Fosshaugane Campus

vart opna i 2006 og er eit kombinert nærings- og idrettsbygg med nye tribunar på Fosshaugane.

Ridehall i Nedre Amla

I 2006 vart det opna eigen ridehall på garden Nedre Amla i Kaupanger. På garden er det stall for ridehestar.

Ridehallen i Nedre Amla til venstre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ridehallen i Nedre Amla til venstre i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 06.09.2011