Hopp til innhold
X
Innhald

Iffuer Wind

Iffuer (Iver) Wind til Nørholm (d. 1658). Adelsmann og riksråd, og lensherre til Lister.

Vart på 1600-talet ein av dei store jordeigarane i Noreg då han kjøpte opp mange gods frå den dansk/norske kongen som var komen i pengenaud etter mange krigar.

Kjøpte i 1636 godsa Kaupanger og Stedje av futen Gjøde Pederssøn og fekk same året gjort dei to godsa til adelege setegardar med privilegium utferda av Christian IV. Eigedomane omfatta også andre storgardar kring Amlabukta.

Som embetssmann slapp han unna den vanlege buplikta på gardane sine i Sogn. Eigedomane gjekk i 1668 over til svigersonen Preben von Ahnen til Bodøgaard.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 05.03.2008