Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Sogndal

Lerum-anlegget i Sogndal sentrum. Sogndal blir stadig omtala som saftbygda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lerum-anlegget i Sogndal sentrum. Sogndal blir stadig omtala som saftbygda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Omtalane er ordna etter kategori og oppstartsår.

*Gamle handels- og gjestgjevarstader i Sogndal *Nyare overnattingsstader i Sogndal *Bankar i Sogndal *Fabrikkar og verkstader i Sogndal M.a. bil- og traktorforhandlarar. *Landhandlar i Sogndal *Transport- og rutebilselskap i Sogndal

Andre verksemder ordna etter oppstartsår:

Øvstedalen, der det er funne spor etter jarnvinne. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øvstedalen, der det er funne spor etter jarnvinne. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jarnvinne i Øvstedalen

I 2009 fann arkeologar spor etter ei såkalla jarnvinne i Øvstedalen. Her vart myrmalmen vunne ut ved hjelp av primitive smelteomnar. Anlegget er datert til 900-1040 e. Kr.

Hellebrot på Uglaåsen

Kring 1850 vart det starta eit hellebrot på Uglaåsen i Sogndalsdalen. Ein av dei som braut takheller for sal, var Ola Ugla. Fleire av helletaka i Sogndalsdalen er tekte med heller frå ”Hedleberget” på Uglaåsen. Den siste som tok ut heller her var Ivar Uglahagen.

Gullsmed i Sogndalsfjøra

I 1864 slo bergensaren Cornelius Schulz Pedersson Blydt seg ned som gullsmed i Sogndalsfjøra. Blydt dreiv truleg som gullsmed til kring 1890.

Nils Olsson Reppen

starta i 1880 eit sagbruk og ein rivefabrikk på garden sin på Reppen i Sogndalsdalen. Seinare starta han fotoatelier i Sogndal.

Ola Olsson Vee

frå Årdal starta i 1882 bakeri i Sogndal.

Steinbrotplanar ved Amla

I 1883 vart det vurdert å starte steinbrot på Ombandsnes.

A/S Hvit Granitt

- sjå Steinbrotplanar ved Amla.

Theodor Nilsen bakeri

Theodor Nilsen starta bakeri i Sogndal ein gong før 1891.

O. Reinen saman med sonen Kåre i bakeriet sitt. Ukjend fotograf. Eigar. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

O. Reinen saman med sonen Kåre i bakeriet sitt. Ukjend fotograf. Eigar. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

O. Reinen

starta bakeri i Fjærland i 1898. Sonen Kåre Reinen tok seinare over.

Lars P. Tennefoss

starta slaktarforretning i Sogndal i 1900. Sonen Ludvig NitterTennefoss tok over og dreiv ut på 1960-talet. Seinare kom urmakar Olav Vatlestad i bygget, som no er rive, og Vatlestad flytta over i Sogningen Storsenter.

J. Johannesen Brød- og Kolonialhandel

vart starta i Sogndalsfjøra i 1904.

Hofslundesngen Sjåførskule

- sjå J. Johannesen Brød- og Kolonialhandel.

Sogn Gravferdshjelp

- sjå J. Johannesen Brød- og Kolonialhandel.

Marianne Brøgger

frå Bergen starta i 1906 bok- og papirhandel i Sogndal. Sjå Skjeldestad Libris.

O. Vatlestad Urmakarforretning AS

i Sogndal vart starta i 1909 av Olav Vatlestad.

Sogndals Aktiebageri

Då dette «samyrkelaget» kom i gang i 1914, hadde det hatt ein forløpar som heitte Sogndal Spareforening - ei forbrukareigd handelslag som vart skipa i Sogndal i 1873.

Sogndal Samyrkelag

- sjå Sogndals Aktiebageri.

Agnes Skjeldestad Svendsen

og ektemaken Halvdan Svendsen starta landhandel i Sogndal i 1919. Det utvikla seg etter kvart til ei manufakturforretning.

Reppenbygget med M. Reppen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Reppenbygget med M. Reppen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Marie Reppen

starta i 1926 gullsmedsforretning i Sogndalsfjøra. Forretninga har sidan vore i Reppen-familien si eige, og drive under firmanamnet M. Reppen AS. I 1973 tok forretninga i bruk nye lokale i eit tre-etasjes forretningsbygg, der dei øvste etasjane vert leige ut til kontor.

M. Reppen AS

- sjå Marie Reppen.

Tor M. Skarestad

starta sykkelforretning og elektrisk verkstad i Fjærland i 1928. Han var samstundes driftsstyrar ved Fjærland Elektrisitetsverk (sjå: Kraftutbygginga i Sogndal). Det var ein vanleg kombinasjon i mellomkrigstida å drive privat elektroverksemd og samstundes ha ansvaret for drift av lokale kraftverk og linenett.

Olav Fardal

starta elektrisk installasjonsforretning I Sogndal i 1930. Verksemda bygde også elektriske motorar, og starta i 1948 sal av elektriske artiklar. Firmaet hadde tre tilsette. Han dreiv til 1960, då han flytta til Årdal.

Guro Severina Næss

gift Olstad starta forretning på Rossenborg på Hofslund kring 1930.

L/L Middalen Sylvrevkompani

var eitt av fleire selskap som dreiv sølvrevgard i Sogndalsdalen i mellomkrigstida. Truleg vart dette laget skipa av lokale gardbrukarar ein gong kring 1925. I 1928 vart også Ruggesæter Sylvrevgard skipa som eit aksjeslag av Olav, Oddmund og Gunnar Ruggesæter, Anders Fretland, Gunstein Langerak, Torfinn Ruggesæter og Per Rugesæter. Sølvrevgarden var i drift i nokre år etter 2. verdskrig.

Ruggesæter Sylvrevgard

– sjå L/L Middalen Sylvrevkompani.

Brandshaug hadde forretninga si i dette huset ved Gravensteinsgata. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Brandshaug hadde forretninga si i dette huset ved Gravensteinsgata. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

O. Brandshaug

starta slaktarforretning i Sogndal i 1931. Forretninga selde også fisk. Han la ned på 1960-talet, og forretningslokala vart utleigde til klesforretninga Manstyle og Sparebanken Sogn og Fjordane. Arne Brandshaug dreiv ei tid radioverkstad i same bygget.

Erling Fardal

starta landhandel og bakeri i Sogndal i 1932.

Sport1 Erling Fardal

- sjå Erling Fardal.

Elektroverksemda til Holen

Agnar J. Holen starta som elektroinstallatør i Sogndal i 1933. På slutten av 1980-talet vart verksemda delt i to sjølvstendige aksjeselskap: Holen elektrosenter AS og Holen Elektroinstallasjon AS.

Holen Elektrosenter AS

- sjå Elektroverksemda til Holen.

Holen Installasjon AS

- sjå Elektroverksemda til Holen.

Arne og sonen Magnar Flåten i sving med saks og maskin. Tidleg på 1960-talet var det absolutt kort ved øyra. Foto: Leiv Bergum.

Arne og sonen Magnar Flåten i sving med saks og maskin. Tidleg på 1960-talet var det absolutt kort ved øyra. Foto: Leiv Bergum.

Flåten Dame- og herrefrisørsalong

i Sogndalsfjøra vart starta i 1935 av Anne Sofie og Arne E. Flåten. Seinare kom sønene Erik A. Flåten og Magnar inn i verksemda. Etter at Erik A. Flåten i 1967 starta Park Minitell, dreiv Magnar Flåten frisørsalongen åleine. Frå 1998 heldt frisørsalongen til i Sogningen Storsenter. Men i 2012 vart salongen lagd ned.

O. J. Skjeldestad

I 1936 overtok Olav J. Skjeldestad bokhandelen til Marianne Brøgger.

Skjeldestad Libris

- sjå O. J. Skjeldestad.

Sogndal Trelastlager

i Sogndal vart starta på Nestangen ved Loftesnessundet i 1936 av byggmeister Per Navarsete.

Møbelringen Sogndal A/S

- sjå Sogndal Trelastlager.

Sogndal Kraftlag L/L

vart skipa 1941 - sjå: Kraftutbygginga i Sogndal.

Alv Gjørven

starta frø- og fargehandel i Sogndal i 1941.

Sogndal Lær- og Skotøyforretning. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Lær- og Skotøyforretning. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Lær- og skotøyforetning

vart starta i 1947 av Johannes Jacobsen. Sidan 1920-talet hadde far hans, Per Jacobsen drive skomakarforretning. I 1994 overtok sonen til Johannes, Olav Paul Jacobsen, som dagleg leiar. Forretninga sysselset i 2003 fire personar.

Eilert Holme

starta målingsforretning i Sogndalsfjøra i 1948. Sonen Edvin tok seinare over, og no er det sønene hans, Ingvar og Jon Erik, som driv firmaet.

Åberge Planteskule

vart starta på Åberge i 1949 av Guttorm Aaberge.

Fotomagasinet i 1950. Foto: Leiv Bergum.

Fotomagasinet i 1950. Foto: Leiv Bergum.

Fotomagasinet

vart starta i Sogndal i 1950 av fotograf Leiv Bergum frå Førde. Han hadde opptil seks tilsette og har m.a. hatt ein stor produksjon av prospektkort frå Sogn. Bergum har også gjeve ut to fotobøker. I 1987 overtok sonen Bjørn Bergum som dagleg leiar av firmaet Fotograf Bjørn Bergum AS.

Fotograf Bjørn Bergum AS

frå 1987. Sjå Fotomagasinet.

Forretningsmannen Finn Geithus

Finn Geithus frå Arnafjord i Vik kommune starta konfeksjonsbutikk i Sogndal i 1958.

Alf A. Lødemel

starta kring 1958 radio- og elektrisk forretning i Sogndal. Han flytta i 1988 til Randaberg.

Sogn Renseri

vart starta i gamlemeieriet i Sogndalsfjøra i 1958.

Nor Tekstil avd. Sogndal

– sjå Sogn Renseri.

Sognatun Kafé

vart starta i 1959 av Sogn Ungdomslag i det såkalla «Tårnhuset» i Fjøra.

Inne i Brævasshytta kan du nyte dette utsynet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inne i Brævasshytta kan du nyte dette utsynet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Brævasshytta

under Bøyabréen i Fjærland vart bygd i 1960.

Urheim AS

rådgjevande ingeniørfirma, vart starta i Sogndal av ingeniør Johannes Urheim i 1962. Urheim bygde seg opp til den største lokaleigde verksemda i sitt slag i Sogn og Fjordane med 16 tilsette. I 2005 gjekk firmaet inn som ein del av det nasjonale Norconsult AS som har hovudbase i Oslo.

Pryd og Brukskunst

husflidsbutikk i Sogndal vart starta kring 1963 av Margit Myklestad.

Byggsenteret Audun Hundere AS på Loftesnes i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Byggsenteret Audun Hundere AS på Loftesnes i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Audun Hundere

starta som entreprenør og med byggevareutsal på Loftesnes i 1963.

Byggsenteret Audun Hundere AS

- sjå Audun Hundere.

Sogn Samvirkelag

Sogn Samvirkelag vart skipa i 1965. I 2000 gjekk laget inn i Coop Indre vestland BA.

Coop Mega Indre Vestland

- sjå Sogn Samvirkelag.

Coop Sogn og Fjordane

skipa 2004 – Sogn Samvirkelag.

Coop VestBA

- sjå Sogn Samvirkelag.

Coop Extra på Sjøkanten

- sjå Sogn Samvirkelag.

K-senteret

vart starta av Kåre Navarsete i Sogndal i 1969.

Trygve Espeland Murarforretning AS

vart starta i Sogndal i 1974.

Per Ingar Sviggum

starta som fotograf i Sogndal i 1975, og opna fotobutikk i 1977. I 1998 flytta Fotograf Sviggum AS forretninga til det nyopna Sogningen Storsenter, medan fotoatelieret låg annan stad i bygda. Sviggum gjekk konkurs i 2009.

Fotograf Sviggum

- sjå Per Ingar Sviggum.

Sogndal Apotek

Sogndal Apotek vart opna som filial under Lærdal i 1977. Det vart sjølvstendig apotek i 1991.

Sogndal Glasmagasin AS

vart starta i K-senteret i Sogndal i 1980 av Herman Lingjerde. Sonen Hans Erik Lingjerde tok over i 2001. Forretninga held til i Sogningen Storsenter, og sysselset seks personar.

Hjelmeland Byggforretning ANS

Byggevareforretning på Kaupangerskogen starta i 1983 av brørne Frank Ove og Roy Atle Hjelmeland. Verksemed har i 2003 fem tilsette.

Slindesenteret

på Slinde - sjå Slinde Transport AS.

Byggmeister Arild Andersen

starta som byggmeister og entreprenør i Sogndal i 1985. I 1999 vart firmaet omgjort til aksjeselskap, og har sidan 2001 heitt AH Bygg AS. Firmaet har i 2003 10 fast tilsette, og med innleigd hjelp sysselset det jamnt over 14-15 personar.

AH Bygg AS

– frå 2001. Sjå: Byggmeister Arild Andersen.

Sogndal Ølutsal

er eit ølmonopol som vart starta av Sogndal Næringssamskipnad i 1985. Seinare tok Sogndal kommune over som eigar, men ølutsalet vart lagt ned i 2008.

Bent Vikøren

starta røyrleggjarforretning i Sogndal i 1985.

Kaupangsenteret. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupangsenteret. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupangersenteret

handelshus vart bygd av murar Steinar Eikevik i 1986.

Felleskjøpet

starta avdeling i Sogndal i 1986. Les meir i artikkelen Vestlandske Felleskjøp under Jølster kommune

Felleskjøpet si avdeling i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Felleskjøpet si avdeling i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tess avdeling Sogn

vart starta i Sogndal i 1986.

Sandvik Sko AS - Eurosko

i Sogningen Storsenter er ei skoforretning som har opphavet sitt på Årdalstangen, sjå Sandvik Sko AS under Årdal kommune.

Loftet Jan-Rolv Loftesnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Loftet Jan-Rolv Loftesnes. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Loftet Jan-Rolv Loftesnes

musikkhandel vart starta av Jan-Rolv Loftesnes ( f. 1949) i 1987. Loftesnes var sjølv aktiv musikar i gruppa ”Tusenfryd” på 1970- og 1980-talet.

Vinmonopolet

opna utsal i Sogndal i 1991, samstundes med at Førde og Nordfjordeid fekk sine utsal.

SIMAS

Sogn Interkommunale Miljø- og Avfallsselskap - SIMAS - vart starta i 1994.

Sogn Etablerarsenter AS

i Sogndal vart skipa som interkommunalt selskap i 1994 av kommunane Sogndal, Lærdal og Aurland. Kontoret driv rettleiingsteneste for næringsliv og etablerarar, og er oppdragsfinansiert.

Leirdal Foto

vart starta i Sogndal i 1995.

I Mundal i Fjærland er alle ledige lokale tekne i bruk av bokbyen. Dette er Odin Antikvariat ved ferjekaia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Mundal i Fjærland er alle ledige lokale tekne i bruk av bokbyen. Dette er Odin Antikvariat ved ferjekaia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den Norske Bokbyen i Fjærland

I 1995 fekk Fjærland ein ny turistmagnet: Den Norske Bokbyen AS.

Den Norske Bokbyen AS

- sjå artikkelen Den Norske Bokbyen i Fjærland.

Sogndal Bilpleie. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Bilpleie. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogndal Bilpleie

vart starta i 1996. Firmaet driv med antirustbehandling, vask og polering, m.a. av nye bilar frå Toyota Sogn og Berge & Co. I tillegg leiger Sogndal Bilpleie ut bilar og tilhengarar.

Sogningen Storsenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogningen Storsenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogningen Storsenter

opna i 1998, og er eitt av dei største varesentra i Sogn og Fjordane med over 40 forretningar og andre serviceverksemder.

Amfi Sogningen

- sjå Sogningen Storsenter.

Ingmar Fimreite

starta røyrleggjarforretning i Sogndal i 1998. Firmaet vart aksjeselskap i 1992 og har i dag fem tilsette.

Røyrleggjarforretninga til Ingmar Fimreite held til i denne bygningen i Øyane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Røyrleggjarforretninga til Ingmar Fimreite held til i denne bygningen i Øyane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Anders Sørflaten

– sjå Kaupangersenteret.

Sogndal Fotball

Frå å vere ei vanleg særgruppe under Sogndal IL har fotballen i Sogndal utvikla seg til ei stor bedrift med 46 årsverk og ei omsetning på 56 millionar kroner i 2011. Les meir i artikkelen Fotballaget Sogndal.

Landbrukstenester Sogn BA

vart skipa i Sogndal i 2006 og organiserer avløysartenestene for jordbruket i sju kommunar i indre Sogn.

Fjordbok bokhandel

vart starta i Sogndal i 2006 av Studentsamskipnaden. Bokhandelen skal i hovudsak selje fagbøker til skulane.

China House

- sjå Loftesnes Pensjonat og Kafé.

Fosshaugane Campus er langt meir enn fotball. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fosshaugane Campus er langt meir enn fotball. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fosshaugane Campus

vart opna i 2006. I 2010 er det rundt 500 arbeidsplassar på Fosshaugane Campus.

Elkjøp Stormarked Sogn

vart opna på Kaupangerskogen i 2006.

Intersport Sogndal

I 2008 kjøpte Reidar Dvergedal, Stig Nord og Eirik Bakke sportsforretninga som til då hadde vore eigd av Coop.

Domus Sport

- sjå Intersport Sogndal.

Intress Sport AS

- sjå Intersport Sogndal.

Fjordforsk AS

vart starta på Skjer i 2008 av Peter Hovgaard og Torbjørn Dale.

Yast AS

vart starta i 2008 i Sogndal av fem unge gründerar. Dei har laga eit system for online time- og samtaleregistrering. Ved utgangen av 2011 hadde Yast AS 50.000 brukarar over heile verda, og talet aukar med mellom 500 og 1000 i veka. I 2012 vart selskapet slege saman med nLink til Rocketfarm AS (sjå dette).

Rocketfarm AS

It-selskapet Rocketfarm vart skipa i 2012 som eit resultat av samanslåing av selskapa Yast og nLink. Rocketfarm AS har frå starten åtte tilsette og har lokale på Fosshaugane Campus.

Jo Bergersen (t.v.) og Tore Friele Lie i Falkeblikk med fjenstyrt helikopter. Foto: Karl Kristian Langeland, NRK.

Jo Bergersen (t.v.) og Tore Friele Lie i Falkeblikk med fjenstyrt helikopter. Foto: Karl Kristian Langeland, NRK.

Falkeblikk AS

Filmproduksjonsselskap, vart starta i Sogndal i 2012 av Tore Friele Lie. Selskapet tilbyr reklamefilmar og informasjonsfilmar og video- og fototenester frå lufta ved hjelp av fjernstyrte helikopter. Falkeblikk har tre tilsette i 2014.

Sognefjorden Utvikling AS

vart etablert i 2012 av Even Hegbom og Jomar Haukås. Selskapet har lagt ut 50 hyttetomter i Sogndalsdalen.

Gjensidige Forsikring

opna kontor i Flåtengården i Sogndal i 2014.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.03.2014