Hopp til innhold
X
Innhald

Industriplanar på Nagløyri

Nagløyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nagløyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1899 fekk grosserar H. W. Konow og andre frå Oslo handgjeve fallrettane i Årøyelvi og vassdraget innetter til Veitastrondi. Dei gjekk med planar om å byggje eit stort kraftverk og kraftkrevjande industri i Solvorn. Konow og co. ville demme opp både Veitastrondvatnet og Hafslovatnet slik at store jordbruksareal kom til å verte lagde under vatn, særleg på Veitastrondi.

Men både frå grunneigarhald, Hafslo kommune og Staten vart planen møtt med motstand og strenge konsesjonskrav, slik at Solvorn-alternativet vart lagt bort.

I 1910 satsa gruppa i staden mot Årøy der dei kjøpte opp store areal på Nagløyri og på Ølnes. Der skulle det no byggjast både eit kraftverk på 50.000 hestekrefter, industri og arbeidarbustader. Men planen rann ut i sanden då Konow gjekk konkurs og hovudkreditoren Asker Sparebank tok over for ei tid. Fallrettane i Årøy gjekk seinare over til andre og enda til slutt i selskapet Årøy A/S.

– Les meir om den seinare utbygginga av Årøy-vassdraget under: Kraftforsyning.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.01.2010