Hopp til innhold
X
Innhald

Ingrid Narum

Ingrid Narum fødd 1981 i Sogndal, busett på Lillehammer. Langrennsløpar, lærar og idrettsadministrator. Ho har m.a. teke bronse i junior-NM 1998 og to meisterskapstitlar i junior-NM 2001. Same året tok ho sølv i junior-VM i Polen.

I 2002 tok Narum gull i verdsmeisterskapen i U23 og sølv i sprint i senior-NM. Ho kom med på det norske landslaget for senior og tok 6. plass i sprintverdscupen 2004.

Ho har utdanna seg som lærar. I 2014 vart ho tilsett som plan- og utviklingssjef i Sogn og Fjordane Idrettskrins.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015