Hopp til innhold
X
Innhald

Internasjonal handel på Lusakaupang

Lusakaupang var først og fremst ein marknadsstad for byte av varer: Jarnbarrar og jordbruksprodukt som m.a. korn, tjøre, trelast og never frå Sogn og Valdres vart bytt mot salt, fisk og byvarer.

Utgravingar viser at her vanka det engelsk og tysk keramikk, kokekar i kleber og glasperler og andre prydting i edle metall og elfenbein. Truleg kom kjøpmenn direkte frå utlandet med slike varer til Lusakaupang. Frå slutten av 1200-talet fekk slike «kaupangar» eit slags handelsmonopol i kongeriket.

Etter at kongen i 1294 sette forbod mot at tyske kjøpmenn (hanseatar) kunne drive eigen handel nord for Bergen, tente kaupangar lengre nord som ein slags satelittar for Bergen. Dei vart oppsamlingsstader for varer som skulle førast til Bergen og eksporterast derfrå.

Tre av dei som dreiv handel i stort med utlandet på 1200- og 1300-talet, var sogndølene Eirik Skare, Jon Stål og Torgeir av Stedje. Dei eksporterte m.a. varer til England og Island.

Skipa som vart nytta i handel til og frå Lusakaupang var store, for då kong Magnus Erlingsson stemna inn mot slaget ved Fimreite i 1184, trudde vaktmennene til kong Sverre Sigurdsson først det var handelsskip som kom siglande, og ikkje krigsskip - sjå: Slaget ved Fimreite.

Les meir om Lusakaupang og Kaupangergodset.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.11.2008