Hopp til innhold
X
Innhald

J. Johannesen Brød- og Kolonialhandel

Oppdressa karar har samla seg utanfor J. Johannessen Brød- og Kolonialhandel. Truleg er biletet teke ein gong rundt første verdskrigen. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

J. Johannessen Brød- og Kolonialhandel vart starta i Sogndalsfjøra i 1904 av Johan Johannessen f. Vikøren (1878-1948). Han var utdanna bakar, og overtok forretninga og huset i Sogndalsfjøra etter ein landhandlar som heitte Jakobsen.

Johannessen dreiv butikk og bakeri i første etasje og hadde lager i andre etasje. I 1948 fekk firmaet installert eitt av dei første elektriske bakeria i distriktet.

Johan Johannessen (i midten) viser stolt fram brød frå bakeriet sitt. Dei to andre på biletet som er teke mellom 1910 og 1915 manglar vi namn på. Ukjend fotograf. Eigar: Johan Johannessen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Sønene Olav J. Johannessen og Johannes Johannessen tok over då faren døydde i 1948. Dei utvida og la om til sjølvbetjening i 1963.

Fjøra Mat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjøra Mat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På folkemunne var butikken deira kjend som ”Johanessenbui” og vart driven til 1989, då Jan Knut Einarsen tok over den tidlegare ”Johannessenbui ”og ”Olsenbui” etter O. Olsen landhandel og bakeri og starta Fjøra Mat. Einarsen starta seinare Rema 1000-butikk.

Sidan har lokala gjeve plass til Hofslundsengen Sjåførskule, Sogn Gravferdshjelp og Frivilligsentralen.

Det tidlegare forretningsbygget til J. Johannessen  husar i 2008 ein køyreskule og eit gravferdsbyrå. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det tidlegare forretningsbygget til J. Johannessen husar i 2008 ein køyreskule og eit gravferdsbyrå. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 07.01.2010