Hopp til innhold
X
Innhald

Jarle Skartun

Jarle Skartun fødd 1956 i Sogndal. Bonde og Senterparti-politikar. Skartun var kommunestyremedlem i Sogndal 1988-2007 og ordførar 1994-2003. Medlem av fylkestinget 1992-1996 og 2003-2011.

Han vart i 2001 den første styreleiaren i Fjord1 Nordvestlandske då Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar samt ei mengd rutebilselskap slo seg saman til eitt konsern.

Skartun spelte på A-laget til Sogndal Fotball i åra frå 1975 til 1985.

I 2012 vart Skartun tilsett som rådmann i Luster kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.02.2012