Hopp til innhold
X
Innhald

Jeichin Stapel

Jeichin Stapel fødd 1949 i Nederland, busett i Sogndal. Biletkunstnar og pedagog. Utdanna ved Academie Voor Beelende Vorming i Amersfort og G. Rietveld Akademie i Amsterdam.

Ho arbeider som målar og med tekstil og fiberkunst, og har hatt fleire offentlege utsmykkingsoppdrag i Sogn, m.a. ved Statens Vegvesen sitt kontor på Hermansverk og ved Høgskulen i Sogndal.

Underviste i teikning og forming ved Sogndal Lærarhøgskule 1976-1994, og har gjeve ut boka «Barn lærer å tegne».

Stod sentralt i arbeidet med skipinga av Sogn og Fjordane Kunstnarsenter på Galleri Rones i 1981 - sjå: Galleri Rones og biletkunstnarane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008