Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Andreas Friis

Jens Andreas Friis (1821–1896). Professor og forfattar. Fødd i Sogndal, voks opp i Førde.

Jens Andreas Friis (1821–1896). Professor og forfattar. Fødd i Sogndal, voks opp i Førde.

Professor i lappisk og kvensk i 1866. M.a. ytte Friis eit stort bidrag til omsetjing av Bibelen til samisk.

I tillegg til vitskapelege fagbøker om samisk historie, språk og kultur, gav han også ut fleire romanar med tema frå jakt og fiske. Den mest kjende romanen er ”Lajla” frå 1881. ”Lajla” vart seinare filmatisert. Mellom andre bøker er «Lappisk Mythologi, Eventyr og Folke-Sagn» 1871, «En Sommer i Finmarken, Russisk Lappland og Nordkarelen» 1871, «Hans Majiestæt Kong Oscar II's Reise i Nordland og Finmarken Aar 1876», «Fra Finmarken. Skildringer» 1881.

Friis var son til Severin Hjelm Friis (1781-1856) som flytta frå prestekallet i Sogndal til Førde i 1823. To av systrene til Jens Andreas, den 10 år gamle Maren Christine og den 11 år gamle Severine Charlotte, drukna i elva Jølstra i 1836 då sleden dei sat i vart teken av eit steinras og sopa ut i elva. Dei var på veg heime til Førde frå gjestebod i Jølster prestegard då ulukka hende. Også skyssguten omkom.

Jens Andreas Friis var svært interessert i jakt og fiske. Dette er ei av dei to jakthyttene han fekk bygd, Friisbua ved Torsvatnet i Skjåk (1350 meter over havet). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jens Andreas Friis var svært interessert i jakt og fiske. Dette er ei av dei to jakthyttene han fekk bygd, Friisbua ved Torsvatnet i Skjåk (1350 meter over havet). Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2010