Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Henrikson Klingenberg

Jens Henrikson Klingenberg (1783-ca. 1850) frå Amla, busett i Erdal i Lærdal komune. Offiser med furérs grad. Tok underoffiserskulen i 1806 og vart underoffiser i Lærdalskompaniet. Deltok i krigen mot svenskane 1807-1814. I kampane ved Emterud vart han skadd i buken og vart teken som krigsfange saman med 13 andre.

Ei tid etter rømde han frå fangeleiren i Karlstad ved å skjenke vakta full. Etter fleire dagar i ukjende skogar fann han ein vegvisar som mot betaling førde han til norskegrensa. Men han var så skadd at han måtte leggjast inn på lasarett i Åsnes, og fekk seinare avskil frå militærteneste.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009