Hopp til innhold
X
Innhald

Jernbaneplanar i Sogndal

Sogndal hadde hatt jernbanestasjon dersom planane om bane mellom Flåm og Trondheim hadde blitt realisert. Foto: Harald M. Valderhaug. Eigar: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndal hadde hatt jernbanestasjon dersom planane om bane mellom Flåm og Trondheim hadde blitt realisert. Foto: Harald M. Valderhaug. Eigar: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndal var i 1890 samlingsstad for eit folkemøte om linevalet for den påtenkte Bergensbanen (Oslo-Bergen). Her skreiv kring 300 sogningar på kravet om at Bergensbanen måtte byggjast etter «fjordlina» Hemsedal-Lærdal-Aurland-Voss.

I 1894 vedtok Stortinget høgsfjellslina over Finse, og Bergensbanen vart opna i 1909. I åra rundt 1. verdskrig rasa «jernbanefeberen» på Vestlandet. Då var også strekninga Sogndal-Jostedal-Handspiki-Ottadalen inne i kappestriden om kvar ei vestlandsk stamjernbane skulle gå. Tanken var då å frakte togsetta over Sognefjorden frå Flåm på jernbaneferje til Sogndal.

Med stortingsrepresentant Anders J. Bøyum i spissen, vart det også lansert ein plan om kryssing av Sognefjorden nord til til Hella, og så jernbane langs Fjærlandsfjordent til Fjærland med tunnel under Jostedalsbreen til Skei i Jølster - dvs. etter same lina som Fjærlandstunnelen i dag fylgjer.

Les meir om Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.08.2011