Hopp til innhold
X
Innhald

Joachim de Knagenhielm

Joachim de Knagenhielm (1727-1796) frå Kaupanger. Jurist og første amtmann i Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke).

Joachim de Knagenhielm (1727-1796) frå Kaupanger. Jurist og første amtmann i Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke).

Juridisk embetseksamen i København 1757. Var m.a. sekretær for ein kommisjon som skulle regulere grensene mot Sverige, før han kring 1760 vart fullmektig sjå stiftsamtmannen i Bergenhus Stiftsamt, som då også omfatta Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Den aldrande stiftsamtmannen Ulrik Fredrik de Cicignon var glad for at Knagenhielm kunne avlaste han, og stilte seg ikkje i vegen for at Knagenhielm i 1762 søkte kongen om å få verte fut for den delen av stiftsamtet som galdt den statlege forvaltninga, medan gamlefuten kunne sitje att med det som var knytt til kyrkja.

Sogn og Fjordane fylke - eit resultat av heimlengt?

Knagenhielm fekk avslag, men tok deretter opp spørsmålet om å få skilt ut nordre luten av stiftsamtet som eige amt. Dette vart gjort i 1763 då Nordre Bergenhuus Amt vart skipa - det som frå 1919 vart heitande Sogn og Fjordane fylke.

Amtmannen flytta heim

de Knagenhielm flytta heim til familiegodset i Kaupanger og styrde amtet sitt derfrå. Han sette systera si inn som styrar på godset. Men Knagenhielm eigde på den tida enorme eigedomar, særleg i indre og ytre Sogn. Amtmannen vart ofte ugild i saker som han skulle handsame, og Knagenhielm fekk også store vanskar med å drive inn den såkalla «ekstraskatten» på 1760-talet.

Blei flytta til Nordland

I 1771 vart han utnemnd til amtmann i Nordland, eit embete han hadde fram til 1789. Han døydde i Bodø i 1796.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011