Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Torbjørnson Ylvisåker

Johannes Torbjørnson Ylvisåker (1845-1917) frå Fardal, busett i USA. Prest og professor i teologi.

Johannes Torbjørnson Ylvisåker (1845-1917) frå Fardal, busett i USA. Prest og professor i teologi.

Lærarskuleeksamen ved Stord lærarskule 1868, og var lærar i heimbygda til 1871, då han utvandra til Amerika. Etter oppmoding frå prestebroren Nils Torbjørnson Ylvisaker tok han presteutdanning. og var prest i to år før han vart kalla til professor ved presteskulen som Den norske synode dreiv i Madison, Wisconsin.

Var stipendiat ved universiteta i Leipzig og Oslo 1881-1882, og tok i 1904 doktorgraden i teologi.

Det viktigaste verket han skreiv var «De fire evangelier». Utnemnd til kommandør av St. Olavs orden i 1912.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011