Hopp til innhold
X
Innhald

Jørgen Holen

Jørgen Holen fødd 1947 i Sogndal, busett i Bærum. Formingslærar og biletkunstnar.

Jørgen Holen (1947-2014) frå Sogndal, busett i Bærum. Formingslærar og biletkunstnar.

Holen var kjend som ein svært dyktig knivmakar før han debuterte som biletkunstnar i 1991. Sidan 1993 har han arbeidd som knivmakar og biletkunstnar på heiltid.

Holen har m.a. hatt fleire separatutstillingar i Oslo, Bergen. Ålesund og Mandal. Han har hatt utsmykkingsoppdrag m.a. på hurtigruta «Polarlys».

I 2006 gav Skald forlag ut ei bok om Holen, skriven av Vidar R. Myklebust og Lars Elton.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2016