Hopp til innhold
X
Innhald

Juleskreia på Kvam

I mange sognebygder kjenner ein segner om juleskreia når som drog framom og gjorde ugagn på gardane i julehøgtida. Ei slik historie kan du også lese om i Vadheim.

På garden Kvam dekte folket bordet og rømde huset på julaftan. Ei julaftan kom skyttaren Bratten til gards og spurde om husrom for natta. Det kunne han få, men han fekk nøye seg med ein plass ved røykomnen. Resten av huset skulle nemleg huldrefolket ha. Etter ei tid kom dei underjordiske og sette seg til bords. Då sprang hunden til Bratten fram. Den gamle huldrekallen i høgsetet retta fram ei pølse til hunden. Då skaut Bratten av huldrekallen den eine handa.

Då ropa huldrefolket i kor: - No æ han bestefar daue!

Året etter kom juleskreia tilbake, og glytta så vidt på døra på Kvam for å høyre om hunden framleis var der.

–Ja, og i år har eg to, svara bonden.

Då skreik huldrefolket over seg og drog frå Kvam det fortaste dei kunne.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.01.2010