Hopp til innhold
X
Innhald

K-senteret

Nilssenbutikken, eller Th. Nilssen som han heitte offisielt. Foto: Leiv Bergum.

Nilssenbutikken, eller Th. Nilssen som han heitte offisielt. Foto: Leiv Bergum.

Theodor Nilssen bakeri

Theodor Nilssen starta bakeri i Sogndal ein gong før 1891 (nemnd i manntalslista dette året), og utvida på 1890-talet med landhandel. I 1958 kjøpte Kåre Navarsete den gamle butikken etter Nilssen-folket og dreiv daglegvarehandel under firmanamn Kåre L. Navarsete i omlag 10 år.

Kåre L. Navarsete overtok Nilsenbutikken i 1958. Foto: Leiv Bergum.

Kåre L. Navarsete overtok Nilsenbutikken i 1958. Foto: Leiv Bergum.

Ølneshuset blir K-senteret

I 1968 kjøpte Navarsete eit stort bustadhus - Ølneshuset - i Sogndalsfjøra, reiv det og bygde nytt, stort forretningssenter. Ved seinare utvidingar samarbeidde han med kjøpmann Finn Geithus. K-senteret opna i 1969, og var den største daglegvarebutikken i Sogn og Fjordane med kring 20 tilsette.

K-senteret vart opna i 1969, der Sogningen Storsenter i dag ligg. Foto: Leiv Bergum.

K-senteret vart opna i 1969, der Sogningen Storsenter i dag ligg. Foto: Leiv Bergum.

Inn i storsenteret

I 1989 bygde Kåre Navarsete ved firmaet K-senteret og Finn Geithus nytt forretningsbygg på over 3.000 kvadratmeter vegg i vegg med Domus sitt varehus ved Gravensteinsgata. Det som Navarsete og Geithus ikkje nytta til eigne forretningar, vart leigd ut til andre forretningar, m.a. Sogndal Glasmagasin. Då Finn Geithus slutta som kjøpmann i 1986, overtok Kåre og sonen Rolf Navarsete Geithus sin part i bygget og forretningane hans. I 1998 vart dei to tidlegare bygga til K-senteret og Domus dei viktigaste elementa i eit nytt og utvida Sogningen Storsenter.

I 1976 gjekk sonen Rolf Navarsete inn i firmaet, og same året overtok K-senteret den tidlegare butikken til Kristoffer Kristofferson Aarskog på Hermansverk. Den vart driven som filial til 1998, då Kiwi-kjeden tok over. Frå same året vart K-senteret i Sogningen Storsenter Eurospar-butikk. Seinare gjekk butikken inn i Meny-kjeda og fekk namnet Meny Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2013