Hopp til innhold
X
Innhald

Kai Aage Pedersen

Kai Aage Pedersen er klar for sin andre periode som distriktsredaktør for NRK Sogn og Fjordane. Foto: Rune Fossum, NRK.

Kai Aage Pedersen er klar for sin andre periode som distriktsredaktør for NRK Sogn og Fjordane. Foto: Rune Fossum, NRK.

Kai Aage Pedersen fødd 1965 i Sogndal, busett i Førde. Journalist og redaktør. Lærareksamen Sogndal lærarskule 1990.

Journalist i Sogningen/Sogns Avis 1988-1992 og NRK Sogn og Fjordane 1992-2001. Redaktør i Sogn Avis 2001-2003 og redaksjonssjef ved NRK Sogn og Fjordane 2003-2004. Frå 2004 distriktsredaktør same stad. Utviklingssjef i NRK Distriktsdivisjonen frå 2009. I 2013 vart han igjen tilsett som distriktsredaktør for NRK Sogn og Fjordane.

Saman med Geirmund Henjum vart Pedersen kjend for satireprogrammet "Fjogningane" som gjekk i sendingane til NRK Sogn og Fjordane i mange år. For dette fekk dei to saman med Kjell Arvid Stølen journalistprisen for Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.10.2013