Hopp til innhold
X
Innhald

Kamp om rutene i Amlabukta

DS Firda ved kai i Amla omlag 1910. © De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

DS Firda ved kai i Amla omlag 1910. © De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Amla fekk rutestopp av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 1862 med lensmann Johan Chr. Jersin som første ekspeditør. Han budde på garden Nedre Amla (sjå Amla-gardane) på austsida av bukta. Sidan var det Husum-slekta på Nedre Amla som var ekspeditørar. Her var det både postkontor, telefonstasjon, skysstasjon og gjestgiveri.

Trelast viktig

Den viktigaste utskipingslasta frå Amla var trelast, og rutebåtane kunne ofte liggje langt over ruta i Amla når det var mykje skurlast som skulle om bord. Tømmertransporten var truleg den viktigaste grunnen til at også godseigarane på Kaupanger-godset på vestsida av Amlabukta melde seg på og ville ha rutestopp av Fylkesbaatane – sjølv om det berre var nokre hundre meter til kaia på Nedre Amla.

Lensmann Johan Christian Jersin.

Lensmann Johan Christian Jersin.

Kai ved tunet

I 1897 søkte godseigar Knagenhjelm og andre oppsitjarar på vestsida av bukta om at rutestoppen vart flytta frå Amla og over til dei på vestsida. Men Fylkesbaat-direksjonen avslo. Først i 1915 fekk Knagenhjelm oppfylt ynskjet om rutestopp. Han bygde dampskipskai like ved tunet på Kaupanger Hovedgård. I ei tid hadde såleis Amlabukta to dampskipskaier for Fylkesbaatane – ei på Amla og ei i Kaupanger. Ein vart knapt andpusten om ein sprang imellom dei.

Øl ombord

- Men turen over bukta var populær av spesielle grunnar: På «overfarten» kunne bygdefolket leske strupen med eit glas øl - noko som var forboden vare i dei lokale butikkane!

Frå 1915 var det rutestopp på kaia rett nedanfor Kaupanger Hovedgård. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Frå 1915 var det rutestopp på kaia rett nedanfor Kaupanger Hovedgård. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.08.2011