Hopp til innhold
X
Innhald

Kapteinsgarden Hovland

Hovudbygningen på Hovland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudbygningen på Hovland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Garden Hovland ligg på Kaupangerskogen. Hovudbygningen frå 1700-talet viser at her har budd folk frå det øvre sosiale sjiktet i Sogn. I 1750 tok nemleg kaptein Jesper Heiberg over Hovland. Han var presteson frå Sogndal, og soneson til sorenskrivar Giert Heiberg, stamfar til Heiberg-slekta i Amla.

I 1759 vart han kaptein i Sogndahlske Compangnie - sjå: Ekserserplass i Sogndal. Jesper vart gift med ei kvinne frå adelsslekta Knagenhjelm i Kaupanger.

I 1763 bygde han eit vakkert hovudhus på garden i ein etasje, og pannetak med flate arker - svært likt det gamle huset på Kjørnes - sjå: Fint folk på Kjørnes.

Folk frå Heiberg-slekta eigde Hovland til 1810. Sidan var det mange eigaraskifte på garden. Huset på Hovland vart freda i 1921.

Les også: Adelsgardar på rekkje og rad i Sogndal

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.08.2011