Hopp til innhold
X
Innhald

Kåre L. Navarsete

Kåre Navarsete (1921-2010) frå Sogndal. Forretningsmann, idrettsorganisator og Venstre-politikar.

Kåre Navarsete (1921-2010) frå Sogndal. Forretningsmann, idrettsorganisator og Venstre-politikar.

Navarsete arbeidde som butikkbetjent i Sogndal og Øvre Årdal før han i ti år var styrar for Sogndals Aktiebageri, som seinare vart Sogndal Samyrkelag. Deretter styrar for eit samyrkelag i Ålvik før han i 1958 starta som kjøpmann i Sogndal. Her bygde han i 1969 K-senteret, som vart den største daglegvareforretninga i fylket med kring 20 tilsette.

I 1989 bygde Navarsete eit tre-etasjes forretningsbygg på vel 3.000 kvm vegg i vegg med Domus. Dette bygget gjekk i 1998 inn i Sogningen Storsenter. Navarsete dreiv også ei tid forretningsfilial på Hermansverk.

Kåre Navarsete har vore sterkt engasjert i Sogndal IL og utvikling av det sterke fotballmiljøet i heimbygda, og har site i 12 år i Sogndal kommunestyre.

Far til Rolf Navarsete.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2010