Hopp til innhold
X
Innhald

Kåre Lerum

Kåre Lerum er mellom dei som har lagt ned ein stor innsats for Sogndal Musikklag.

Kåre Lerum er mellom dei som har lagt ned ein stor innsats for Sogndal Musikklag.

Kåre Lerum fødd 1939 i Sogndal. Fabrikk-eigar, konsernsjef og Høgre-politikar.

Utdanna ved hermetikkfagskulen i Stavanger i 1959. Overtok som disponent for A/S Lerums Saftfabrikk i 1976 etter faren Karl Lerum. Sjef for Lerum-konsernet fram til 2004 då Jan Petter Vadheim overtok stillinga. Kåre Lerum har markert seg som ein sterk talsmann for lokalt eigarskap og styring i næringslivet.

Lerum var medlem av Sogndal kommunestyre for Høgre i seks år og ordførar 1978-1982. Han melde seg i 2002 inn i Framstegspartiet. Han var styreleiar for bompengeselskapet A/S Fjærlandsvegen frå starten, og har m.a. hatt tillitsverv i Sogndal Musikklag.

Tildelt målrosprisen frå Sogn og Fjordane mållag i 2003 for engasjementet sitt for nynorsk som reklamespråk. Utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2005. Bror til Gerd Kjellaug Berge.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.01.2010