Hopp til innhold
X
Innhald

Kari Kvamme

I 2011 vart ho saman med ektemannen tildelt Fylkeskulturprisen.

Kari Kvamme fødd 1932 i Bergen, busett i Fjærland. Lærar og kulturarbeidar. Saman med ektemannen Claus Kvamme har ho stått bak etableringa av Den norske bokbyen i Fjærland. Det starta med to butikkar i prøveåret 1995, i 1996 vart bokbyen offisielt opna. I 2011 er det 12 bokutsal i Fjærland langs ei vegstrekning på kring 300 meter.

I 2011 vart ho saman med ektemannen tildelt Fylkeskulturprisen.

Kari og Claus Kvamme får Fylkeskulturprisen. Til venstre leiar i Hovudutvalet for kultur, Nils Gjerland, til høgre fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Foto: Birthe Finstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 14.12.2011