Hopp til innhold
X
Innhald

Kaupanger og Stedje vert adelsgods

På denne blyantteikninga frå 1865 ser vi Amla-gardane på andre sida av bukta, med Kaupanger Hovedgård og stavkyrkja nærast. © Riksantikvaren/Sogndal Sogelag.

På denne blyantteikninga frå 1865 ser vi Amla-gardane på andre sida av bukta, med Kaupanger Hovedgård og stavkyrkja nærast. © Riksantikvaren/Sogndal Sogelag.

Gjøde Pederssøn selde Kaupanger i 1636 til riksråd Iffuer (Iver) Wind til Nørholm.

Wind var adelsmann og lensherre på Lister - difor denne tilleggstittelen «til Nørholm». Han slo under seg enorme eigedomar fleire stader i landet. Desse kjøpte han frå danskekongen, som hadde kome i pengenaud etter mange krigar.

(På same vis var det også at København-bispen Hans Svane fekk hand om Svanøy-godset i Sunnfjord - ved å kjøpe det frå ein forgjelda konge.) Iffuer Wind fekk gjort Kaupanger og Stedje til adelege setegardar den 10. mai 1636 - slik Svanøy-godset i Sunnfjord vart gjort til setegard og adelsgods i 1685.

I 1646 vert det nemnt at det under Kaupanger og Stedje var 24 såkalla «ugedagsbønder». Dette var leiglendingar på adelsgods som hadde arbeidsplikt på setegardane/adelsgardane. I tillegg kom sjølvsagt ei mengd tenestefolk som arbeidde på sjølve storgarden.

Les også: Adels- og embetsgardar på rekkje og rad

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.08.2011