Hopp til innhold
X
Innhald

Kaupanger Sagbruk og Høvleri

Året er 1936, Kaupanger Sagbruk og Høvleri er nett bygt etter at gamlesaga brann. Pålane som vi ser i sjøen  er fundament for ein lagerhall som vart bygd seinare. Ukjend fotograf. Eigar: Christen Knagenhjelm/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På jektekaia vart det bygt ei kassesag, og i 1929 vart det bygt ei «lokomobilsag», driven med damp. Då det gamle sagbruket brann i 1936, vart Kaupanger Sagbruk og Høvleri bygt av Christen Knagenhjelm IV. Dette var det største og mest moderne sagbruket på Vestlandet, og hadde opptil 30 mann i arbeid.

Sidan vart bruket utvida i fleire etappar m.a. med tørkeanlegg. På 1950-talet vart det bygt eit kraftverk på 250 kw. som vart drive med varme frå sagmask og avkapp frå sagbruket.

Etter ei utviding i 1982 fekk sagbruket økonomiske vanskar, og styret valde å slå verksemda konkurs i 1985. Sidan har ein del av produksjonslokala vorte nytta av Sogn Fjordmuseum og av Lerum-gruppa som lager.

Like ved gardstunet på Kaupanger Hovedgård vart det i åra 1971-1999 drive eit mindre impregneringsverk.

Området der Kaupanger Sagbruk og Høvleri var, slik det tek seg ut i 2007. Sagbruket gjekk konkurs i 1985, og seinare er det bygt husvære på området. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Området der Kaupanger Sagbruk og Høvleri var, slik det tek seg ut i 2007. Sagbruket gjekk konkurs i 1985, og seinare er det bygt husvære på området. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 24.08.2011