Hopp til innhold
X
Innhald

Kaupanger sete for første amtmannen

I 1763 vart Kaupanger Hovedgård sete for den første amtmannen i Sogn og Fjordane ved at Joachim de Knagenhielm etter fleire bøneskrift til kongen fekk skilt ut Nordre Bergenhus som eige amt. I fleire hundre år hadde nemleg dette amtet - seinare Sogn og Fjordane fylke - høyrt til det store Bergenhus Stiftsamt: Sogn og Fjordane fylke - eit resultat av heimlengt?

Den ugifte Joachim de Knagenhielm flytta heim til Kaupanger og busette seg der, og fekk ei syster som hushalderske. Men på grunn av at han og Knagenhjelm-slekta eigde så store lutar av det «riket» han skulle styre, kom han støtt og stendig opp i situasjonar der han var ugild. Dette var ein av grunnane til at han i 1771 vart flytta til ei amtmannstilling i Nord-Noreg.

Også mannen som fylgde etter i amtmannsstillinga i Nordre Bergenhus amt, Magnus Theite, budde ei tid i Kaupanger - nære bestemt på Øvre Amla - før han flytta embetssetet til Bergen og administrerte «nordfylket» derfrå. Frå 1844 til 1852 budde også amtmann Hans Tostrup i Kaupanger.

Les meir: Adels- og embetsgardar på rekkje og rad

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.08.2011