Hopp til innhold
X
Innhald

Kaupanger Snikkarverkstad

Kaupanger Snikkarverkstad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger Snikkarverkstad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger Snikkarverkstad vart starta av dansken Ole Fredskild i 1982. Han heldt dei første åra til i løa på Kaupanger Hovedgård, til han i 1989 flytta til nybygg på Kaupangerskogen.

Verksemda har spesialisert seg på kopiering og produksjon av bygningsdelar som listverk, dører, vindauge m.m. i samband med restaurering av eldre bygningar, m.a. gjenreisinga av den brannherja Fantoft stavkyrkje. I 2000 stod verkstaden for arbeidet med gjenskapinga av ein spesiell «norsk» portal som Keisar Wilhelm II ein gong fekk reist i Potsdam utanfor Berlin.

I 2013 vart Kaupanger Snikkarverkstad avvikla, og delar av maskinparken vart overteken av Fretland Bygg AS (sjå Lærdals Bygningsartikkelkompani AS) i Lærdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.07.2013