Hopp til innhold
X
Innhald

Kaupanger–Mannheller

På Mannheller ferjekai er det ei tunnelopning for trafikk til ferjekaia og ei for dei som køyrer i land. Etter nokre hundre meter møtest dei to tunnelløpa til eitt - Amlatunnelen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Også dei nye tunnelane på riksveg 5 mellom Sogndal og Lærdal er delvis bompengafinansierte. Den første tunnelen på denne strekninga, den 6604 meter lange Fodnestunnelen på lærdalssida, vart opna i 1993. Fram til den 2969 meter lange Amlatunnelen og ferjeleiet i Mannheller vart opna i 1995, gjekk riksvegferja mellom Kaupanger og Fodnes. Vegen med tunnelen Kaupanger-Mannheller er 55 prosent bompengefinansiert. Bompengane vart kravde inn som ein del av billettprisen på ferja Mannheller-Fodnes. Prosjektet var nedbetalt i 2010.

Mellom Mannheller og Fodnes går det ferje kvart 20. minutt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mellom Mannheller og Fodnes går det ferje kvart 20. minutt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein stor del av biloppstillingsplassen på Mannheller får plass i ein stor fjellhall, som rommar 100 bilar. Fjellhallen er kunstnarleg utsmykka av Marianne Heske.

Riksveg 5 frå Amlatunnelen mot Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Riksveg 5 frå Amlatunnelen mot Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 18.08.2011