Hopp til innhold
X
Innhald

Kaupangersenteret

Kaupangsenteret. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupangsenteret. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupangersenteret handelshus vart bygt av murar Steinar Eikevik i 1986. Bygget er på 3000 kvadratmeter og husa i byrjinga Sogn Samvirkelag sin daglegvarebutikk, eit møbelsenter, post og ein heilautomatisk filial til Sogndal Sparebank. Dette var den første heilautomatiske bankfilialen i landet.

Posten la etter ei tid ned, banktenestene vart redusert til vanleg minibank, møbelsenteret flytta til Sogndal, og i 2005 husa bygget ein daglegvarebutikk og ein frisørsalong. Dessutan leigde Sogn Billag lokale i bygget.

I 2005 vart senteret selt til Anders Sørflaten frå Valdres. I tillegg til Kaupangersenteret har Sørflaten satsa stort på utbygging av eit stort handelshus på Kaupangerskogen som m.a. skal huse ei Elkjøp-forretning.

Sørflaten sitt moderselskap heiter Seima Holding og driv fleire butikkar og eigedomar i Valdres og på Hadeland, og hadde i 2005 ei samla omsetning på 130 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.08.2011