Hopp til innhold
X
Innhald

Kjell Bondevik

Kjell Olsson Bondevik (1901-1983). Folkeminnegranskar, KrF-politikar og statsråd.

Kjell Olsson Bondevik (1901-1983). Folkeminnegranskar, KrF-politikar og statsråd.

Fødd i Leikanger, der faren Ola var kontorist på vegkontoret. Familien flytta seinare tilbake til Sogndal, heimbygda til faren. Kjell Bondevik busette seg i Sauda.

Cand. philol. 1927, lektor ved Haugesund høgre skule frå 1933, lektor og skulestyrar i Sauda frå 1937, rektor frå 1948. Dosent i folkeminnevitskap ved Universitetet i Bergen 1965-1971. Har gjeve ut ei rad bøker m.a. om segner og folketru, og lokalhistoriske bøker frå Sogn. Hadde ei rad tillitsverv i kristeleg ungdomsarbeid og i målrørsla. Leiar i Rogaland KrF 1939-1950, og medlem av landsstyret 1949-1955.

Stortingsrepresentant for Rogaland frå 1950-1965. Parlamentarisk leiar frå 1961.

Sosialminister i John Lyngs regjering i 1963 og kyrkje- og undervisningsminister i Per Bortens regjering 1965-1971. Etter havariet til Borten-regjeringa i 1971 gjorde Kjell Bondevik ein mislukka freistnad på i skipe ei ny, borgarleg samlingsregjering. Då Senterpartiet ikkje ville vere med på dette, kom Bondevik med den vidgjetne fråsegna: «Eg er djupt såra og vonbroten». (Sjå elles biografien til John A. Austrheim).

Bondevik vart utnemnd til første æresdoktor ved Universitetet i Tromsø i 1982.

Brorson til Kjell Bondevik, Kjell Magne Bondevik frå Molde, har m.a. vore kyrkje- og undervisningsminister, utanriksminister og statsminister.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021