Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Skram

Songstudiar m.a. i Tyskland. Han debuterte i 1964, og frå same året vart han knytt til Den Norske Opera.

Knut Skram fødd 1937 i Ørsta, oppvekst og skuletid i Sogndal, busett i Oslo. Baryton operasongar og arkitekt, og ein av dei mest framståande mannlege songarane i Noreg på 1900-talet.

Songstudiar m.a. i Tyskland. Han debuterte i 1964, og frå same året vart han knytt til Den Norske Opera.

Han vann i 1967 førstepris ved den internasjonale songtevlinga i München, og har sidan vore solist ved konsert- og operaframsyningar i ei mengd land over heile verda.

Knut Skram har ætterøtene sine i Måløy, der faren, sokneprest Asbjørn Skram kom frå.

Bror til Dag Skram.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.08.2011