Kommisjon vurderte Kaupanger som by i 1840

Kaupanger var eit meir realistisk alternativ som by på 1800-talet enn Sogndal. © Fylkesarkivet.
Sjølv om Sogndalsfjøra var største tettstaden på nordsida av Sognefjorden tidleg på 1800-talet, så fortel det likevel noko om kor låg status strandsitjarstaden hadde som «handelsstad» då det i 1840 skulle vurderast kvar ein framtidig by i indre Sogn burde liggje.
Då var det Kaupanger - og ikkje Sogndal - som vart teke med i utgreiinga: Etter skriveri i Oslo-avisa Morgenbladet og oppmoding frå Lærdal kommunestyre i 1839 om at Lærdaløyri måtte få bystatus, sette Stortinget ned ein komité som fekk i oppdrag å finne ein høveleg stad for ein by i indre Sogn.
Avisinnlegg
Ein av dei som argumenterte for ein by i Sogn, var den seinare professoren og stortingsmannen Ludvig Christensen Daae. I innlegg i «Morgenbladet» argumenterte han m.a. for Lærdalsøyri og andre nye «Kjøbsstæder» som motvekt mot handelsdominansen frå dei store byane.
Fleire stader vurderte
I Stortinget tok sogndølen Mons Eggum opp framlegget om kommisjonen, som m.a. fekk med seinare amtmann Michael Conrad Sophus Emil Aubert som medlem. Kommisjonen vurderte byplassering i Skjolden, Kaupanger og Årdalstangen også, men gjekk i 1840 samrøystes inn for Lærdalsøyri. Om Årdalstangen sa kommisjonen at staden ikkje i noko tilfelle kunne kome på tale . «efterdi det er blottet for Communication med Fastlandet, med gode Landeveie, og Havnen ved Meniis er berøvet Forbindelse endogsaa med Havet».
Plan om by på Lærdalsøyri
I 1842 gjekk regjeringa inn for at Lærdalsøyri skulle bli by samstundes med Haugesund og Namsos. Men Stortinget avviste alle framlegga då, og sidan kom ikkje tanken om by i indre Sogn opp att.
Les også om: Strandsitjarstaden Sogndalsfjøra.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 30.08.2011