Hopp til innhold
X
Innhald

Kong Sverre brende Lusakaupang

Det meste som kunne brennast vart brent, og folk vart drepne for fote av Kong Sigurds menn. Illustrasjon av Ståle Ådland.

Det meste som kunne brennast vart brent, og folk vart drepne for fote av Kong Sigurds menn. Illustrasjon av Ståle Ådland.

Våren 1184 - same året som slaget ved Fimreite, sende kong Sverre Sigurdsson 20 skip sørover frå Trondheim. Hærmennene ombord var på veg til Sogn for å gje sogningane ei grufull straff fordi dei hadde sett seg opp mot kongemakta.

Bakgrunnen for dette var at sogningane var misnøgde med syslemannen Ivar Dape som Sverre hadde sett til å styre i Sogn. Etter Sverre-sagaen vart sogningane kravde for å yte tilskot til eit julegjestebod som syslemennene hadde skipa til i Lusakaupangen i 1183.

Drap i staden for betaling

Men bygdefolk frå Sogndal, Eide og Kaupanger nekta å betale for gildet, og julaftan drog dei like godt til Lusakaupang og drap både syslemennene og mennene deira.

Leiarane til sognebøndene var Arntor på storgarden Kvåle, Isak Torgilsson og sønene til Arngeir prest, Gaut og Karlshovud.

Sogningane skulle straffast

Ved påsketider samla kong Sverre ein hær for å straffe sogningane. På Kvamsøy i Balestrand møtte dei sogningane, og gjorde først avtale om at dei skulle betale 15 mark gull som straff.

Men då sogningane ikkje betalte innan tre dagar slik avtalen sa, sigla hæren med seks skip inn til Lusakaupang. Etter å ha plyndra husa, sette dei fyr på husa og brende alt ned. Neste dag plyndra Sverre-hæren gardar Sogndal.

På begge sider av Kaupangerelva vart det på 1960- og 1970-talet avdekka brannlag av stort omfang. Denne oska kan stamme frå brannen 1184.

Flytta til Lærdal

På 1500-talet vart marknaden flytta over til Lærdalsøyri. Lærdalsmarknaden er første gong omtala i 1596.

Les også om at ein kommisjon vurderte Kaupanger som by i 1840.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018