Hopp til innhold
X
Innhald

Konge- og keisarvitjingar i Fjærland

Kongen av Siam på vitjijng i Fjærland i 1906. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kongen av Siam på vitjijng i Fjærland i 1906. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Mellom ei mengd statsoverhovud og kongelege som har gjesta Fjærland, er keisar Wilhelm, dronning Wilhelmina av Nederland og ektemaken Hendrik, kongen av Siam (1906) og kongen av Bayern.

Dessutan har mange rikfolk med både prinse- og hertugtitlar vitja «brebygda» - mange frå det fjerne Austen. Ein av dei mest spektakulere visittane var nok då maharinaen av Baroda i India vitja Fjærland med eigen yacht.

Lokale folk som var ombord, fortalde at den steinrike kvinna låg på ein divan med eit teppe prydd med edelsteinar over seg. Ho fekk teen servert på gullservise. Då ho vitja Mundal Hotel, bad ho berre om eit glas vatn (!), men ho kjøpte med seg eit vevd teppe heim att.

Les meir: Turistbygda Fjærland

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.08.2009