Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Sogndal

Magnus Erlingsson

deltok i slaget ved Fimreite i 1184.

Kong_Sverre|Sverre Sigurdsson

- deltok i slaget ved Fimreite i 1184.

Monogrammet til Kong Oscar II og årstalet 1879 på minnesteinen utanfor Mundal Hotell i Fjærland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Monogrammet til Kong Oscar II og årstalet 1879 på minnesteinen utanfor Mundal Hotell i Fjærland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kong Oscar II

vitja Fjærland i 1879. Kongen og fylgjet reid på hest til Bøyabréen. Fjærlendingane reiste ein enkel minnestein ved Mundal Hotel etter vitjinga. Vitjinga i Fjærland var ein lekk i ei vestlandsreise der kong Oscar kom frå Voss til Gudvangen og reiste med båt ut fjorden der han vitja Leikanger og Fjærland, og så avslutta han reisa gjennom fylket i Lærdal.

Kronprins Olav og kronprinsesse Märtha på vitjing hjå Heiberg-familien i Amla i juni 1933. Mannen bak kronprinsessa er Gert Falch Heiberg. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kronprins Olav og kronprinsesse Märtha på vitjing hjå Heiberg-familien i Amla i juni 1933. Mannen bak kronprinsessa er Gert Falch Heiberg. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Kong Olav V

Kong Olav V gjesta som kronprins fleire bygder i Sogn i 1933 saman med kronprinsesse Märtha. Dei nytta Fylkesbaatane sin ”Nesøy” på ferda, og gjesta m.a. Amla, der Olav også vitja kameraten sin frå gymnastida, Hans H. H. Heiberg.

Kong Haakon VII gjesta Amla i 1936 i samband med ein tur der han vart vist skogplanting både ute ved kysten og i indre Sogn. Kongen fekk og omvising på De Heibergske samlinger.

Kong Olav reiste gjennom og stogga i Sogndal på veg frå Leikanger til Skjåk då han i 1949 opna ein landsspeidarleir i Skjåk.

Olav V vitja Heiberg-garden på Øvre Amla som privatperson to gonger seinare, i 1956 og på 1960-talet-talet, då han deltok i samlingar for tidlegare klassekameratar frå gymnastida.

Han vitja 16. juni 1984 Sogndal og Nornes i samband med 800-årsmarkeringa av slaget ved Fimreite. Kongen avduka då ein minnestein på Nornes, stod føre den offisielle opninga av det nye museumsanlegget til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Kaupangerskogen og deltok i ei økumenisk gudsteneste i Kaupanger stavkyrkje.

Mykje folk var samla i Fjøra då kronprins Olav gjorde ein stans på ein rundtur i 1949. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Mykje folk var samla i Fjøra då kronprins Olav gjorde ein stans på ein rundtur i 1949. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kong Olav på Nornes 16. juni 1984. Bak han ser vi fylkesmann Ingvald Ulveseth. Foto: Ole Fretheim, NRK.

Kong Olav på Nornes 16. juni 1984. Bak han ser vi fylkesmann Ingvald Ulveseth. Foto: Ole Fretheim, NRK.

Kong Harald V

Kong Harald den 5. vitja som kronprins Kaupanger Hovedgård i 1985 saman med kronprinsesse Sonja då dei var vertskap for det japanske kronprinsparet. På turen vitja fylgjet også Urnes stavkyrkje.

30. mai 1990 opna kronprins Harald Sogn Fjordmuseum ved ferjeleiet i Kaupanger.

Kronprins Haakon vitja Sogndal i 2007.

Kronprins Haakon vitja Sogndal i 2007.

Dronning Sonja

vitja som kronprinsesse Kaupanger Hovedgård saman med dronning Margrethe av Danmark på 1980-talet. Dei tok då ein avstikkar frå laksefisket i Lærdal for å sjå den gamle stavkyrkja. Dronning Sonja la 1990 ned grunnsteinen for Norsk Bremuseum i Fjærland, og i 1991 kom ho tilbake og stod føre den offiselelle opninga av muséet.

Kronprins Haakon

vitja Sogndal i 2007. Der heldt han foredrag ved Sogndal vidaregåande skule om kva unge kan gjere for ei positiv utvikling i verda.

Konge- og keisarvitjingar i Fjærland

Mellom andre statsoverhovud og kongelege som elles har gjesta turistbygda Fjærland, var keisar Wilhelm II av Tyskland, dronning Wilhelmina av Nederland og ektemaken Hendrik, kongen av Siam (1906) og kongen av Bayern.

Kongen av Siam i Fjærland i 1906. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kongen av Siam i Fjærland i 1906. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2015