Hopp til innhold
X
Innhald

Køyrevegar i Sogndal

Den nye vegen Amla-Sogndal står det på dette prospektkortet. Fotoet er truleg teke kort tid etter at vegen opna i 1938. Foto: Normann. © Fylkesarkivet.

Den nye vegen Amla-Sogndal står det på dette prospektkortet. Fotoet er truleg teke kort tid etter at vegen opna i 1938. Foto: Normann. © Fylkesarkivet.

Vegen Kaupanger–Loftenes

var ferdig som kjerreveg i 1848. Den vart avløyst av ein skikkeleg veg med bilvegstandard i 1938.

Vegen Sogndal-Marifjøra

var ferdig som køyreveg i 1848. Samanhengande vegsamband med køyreveg Sogndalsfjøra-Hafslo-Solvorn kom i 1907. Les meir i artikkelen Gamlevegen Sogndal–Hafslo.

Gamlevegen på nordsida av Dalavatnet. På andre sida av vatnet ser vi riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamlevegen på nordsida av Dalavatnet. På andre sida av vatnet ser vi riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veg oppover Sogndalsdalen

vart bygt i etappar på 1800-talet, og var ferdig heilt til den øvste garden Selseng i 1877.

På dette biletet  som vart teke på slutten av 1800-talet ser vi litt av turistvegen opp til Bøyabreen.

På dette biletet som vart teke på slutten av 1800-talet ser vi litt av turistvegen opp til Bøyabreen.

Turistveg frå Mundal til breane

I 1878 vart det bygt veg frå Mundal gjennom Urdabukti til den indre delen av Fjærlands-bygda. Denne vegen vart svært viktig for turisttrafikken frå kaia i Mundal og opp til bréane Supphellebréen og Bøyabréen. I 1909 vart det bygt veg framover til Stølaholmen på austsida av bukta.

Snøskred stengde vegar i Fjærland

Stengde vegar på grunn av snøras har vore kvardagen for mange av dei som bur i Fjærland.

Vegen i Øvstedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen i Øvstedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veg til Øvstedalen

Frå dei eldste tider gjekk det ein ferdsleveg over fjellet frå Fardal, gjennom Øvstedalen og over fjellet til Lereim i Sogndalsdalen. (Sjå Gamle ferdslevegar i Sogndal). Ein annan gjekk frå Skarsbø til Skjeldestad i Sogndalsdalen. Dette var fordi det den gongen ikkje var farbar veg framom Stedjeberget. Det finst ingen nøyaktig dokumentasjon på kva tid vegen opp frå Fardal til Øvstedalen vart bygd som kjerreveg, men det var truleg ein gong i siste halvdel av 1800-talet.Vegen frå Øyragrendi til Skarsbø vart bygd som bilveg i 1948. Vegen innover mot gardane inst i Øvstedalen vart omlagd m.a. i Brekke-svingane i 1967.

Sogndalsfjøra-Nagløyri

I 1893 vart vegen Sogndalsfjøra-Nagløyri opna.

Barsnes fekk køyreveg i 1920. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Barsnes fekk køyreveg i 1920. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Køyrevegen Barsnes-Loftesnes

var ferdig i 1920, men alt i 1848 vert det opplyst at det gjekk ein enkel sledeveg fram til Barsnes.

Åberge

fekk køyreveg ned til Sogndalsfjøra i 1920.

Riksvegen Sogndal-Leikanger

Riksvegen frå Sogndal til Leikanger har vore ein av dei mest rasutsette vegstrekningane i Sogn og Fjordane sidan den vart opna i 1937.

Loftesnesbrua. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Loftesnesbrua. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ferje og bru over Loftesnessundet

Frå 1938, då nyevegen til Kaupanger var ferdig, og til 1958, vart skyssinga ordna med ei kabelferje. Kabelferja vart lagd ned då den nye brua med eit spenn på 210 meter vart opna over Loftesnessundet i 1958.

England

som er ein gard høgt oppe i lia ovanfor Ølnes, fekk ikkje køyreveg til gards før på 1940-talet.

Ny veg frå Distad til Hamrum

i Fjærland vart bygt i 1949.

Seint ute med veg

Garden Geirane i Sogndalsdalen var truleg den siste garden i dalen som fekk skikkeleg køyreveg til gards. Det skjedde i 1964. Fram til då hadde det berre vore ein sledeveg til Geirane.

Fimreitevegen sett frå riksveg 55 ved Norane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fimreitevegen sett frå riksveg 55 ved Norane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg til Fimreite

frå Eide vart opna i 1994.

Tverrsambandet Skei-Sogndal-Lærdal

Då det nye, ferjefrie sambandet mellom Sogndal og Skei vart opna i 1994, innebar det ein av dei viktigaste milepælane i samferdslehistoria i Sogn og Fjordane. Sjå og Kampen om tverrsambandet.

Då vegen Skei-Fjærland med Fjærlandstunnelen vart opna gjorde det Bøyabreen lett tilgjengeleg for turistane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Då vegen Skei-Fjærland med Fjærlandstunnelen vart opna gjorde det Bøyabreen lett tilgjengeleg for turistane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Riksvegen Skei-Fjærland

- sjå Tverrsambandet Skei-Sogndal-Lærdal.

Riksvegen Sogndal–Fjærland

- sjå Tverrsambandet Skei-Sogndal-Lærdal.

Utsyn utover Fjærlandsfjorden frå rasteplassen på Berge på riksveg 5 mellom Fjærland og Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utsyn utover Fjærlandsfjorden frå rasteplassen på Berge på riksveg 5 mellom Fjærland og Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger–Mannheller

med den 2969 meter lange Amlatunnelen vart opna i 1995. - Sjå Tverrsambandet Skei-Sogndal-Lærdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011