Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftutbygginga i Sogndal

Kraftmaster i Fardal, der Statnett har eit koplingsanlegg. Herifrå går det kraftlinjer i fleire retningar, m.a. til Ørskog på Sunnmøre. I 2016 blir dette anlegget erstatta av landets største transformatorstasjon på Hagafjellet mellom Øvstedalen og Sogndalsdalen. Anlegget i Fardal skal då rivast. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sognefjorden Ullvarefabrikk bygde eit lite kraftverk ved fabrikken i Ingafossen i Sogndalselvi i 1913. I tillegg til fabrikkdrifta, bygde fabrikken også ei kraftleidning og leverte straum til omliggjande husstandar i Sogndalsfjøra.

Vatnet i Sogndalselvi gav straum til Sognefjordens Ullvarefabrikk og til mange husstandar i Sogndal sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vatnet i Sogndalselvi gav straum til Sognefjordens Ullvarefabrikk og til mange husstandar i Sogndal sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etter at Sognefjordens Ullvarefabrikk brann i 1939 og ikkje vart bygt opp att, vart krafta som då vart ledig selt, og fleire sogndøler kunne knyte seg til som abonnentar.

Arbeid med utbetring av Kaupangerdemningen i 1946. Frå venstre Vilhelm Hjellhaug, Johan Kvammen, Gudmund Havnen, Bjarne Hjellhaug, Karel Kvammen, Sivert Hovland, Torstein Hovland og Hans Sørebø. Ukjend fotograf. Eigar: Torvald Hovland/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nils J. Knagenhjelm

bygde kraftverk i Kaupangerelvi i 1910. Dette kraftverket forsynte m.a. det store sagbruket som godseigaren dreiv med elektrisk straum, og vart utvida fleire gonger seinare.

Horpedal er ein sidedal i Fjærland, og fallet i Horpedalselvi  frå Horpedal og ned til flata ved fjorden vart utnytta til kraft i  1915. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Horpedal er ein sidedal i Fjærland, og fallet i Horpedalselvi frå Horpedal og ned til flata ved fjorden vart utnytta til kraft i 1915. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

L/L Fjærland Elektrisitetsverk

bygde kraftstasjon i Horpedalselvi i 1915. Hotelleigar Olaus Dahle var ein pådrivar i arbeidet og garanterte for ein stor del av byggjesummen. Kraftverket var i drift til 1958, og Fjærland Kraftlag til 1974, då det gjekk inn i Sognekraft.

Vatnet i Horpedalselvi er i dag utnytta til eit småkraftverk, Horpedal Kraft. Dette er kraftstasjonen. Foto: Hans Haugen.

Vatnet i Horpedalselvi er i dag utnytta til eit småkraftverk, Horpedal Kraft. Dette er kraftstasjonen. Foto: Hans Haugen.

Småkraftverk

Kjøpmann Anders Venes og H. Venes bygde eit lite kraftverk ved Fardalsfossen i 1928. Det var i drift til 1944. Hermund Hundere bygde eit småkraftverk i Hundøla i Sogndalsdalen i 1932. Det var i drift til 1955.

Brufalli elektrisistetverk

i Bruafossen i Sogndalselvi vart bygt i 1932 av diplomingeniør Oddmund Melve frå Voss. Dei som fekk kraft frå verket, pantsette eigedomane sine for å få finansiert anlegget. I tillegg gjorde dei mykje av byggjearbeidet på dugnad.

Årøy Kraftverk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Årøy Kraftverk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Årøy-krafta til glede og besvær

Frå Hafslovatnet rann ein gong i tida ei stri og fosserik elv gjennom det trange gjølet ved Helvetesfossen og ut i Barsnesfjorden ved Årøy. I dag går det meste av vatnet gjennom turbinane i Årøy kraftverk. Årøy-namnet vart kjent som eit stridens namn i samband med kraftutbygging.

L/L Sognekraft

vart skipa i 1947. Sjå Sognekraft under Vik kommune.

Fjernvarme

Sognekraft har fått konsesjon på utbygging av fjordvarmeanlegg i Sogndal sentrum. Selskapet fekk 75 millionar kroner i støtte til anlegget i 2010. Byggjearbeidet starta i 2012 og er kostnadsrekna til 46 millionar kroner. Anlegget skal hente vatn frå 50 meters djup i Sogndalsfjorden og skal m.a. varme opp Fosshaugane Campus. Anlegget vart opna av statsminister Erna Solberg i april 2014.

Vatn frå Sogndalsfjorden skal varme opp bygningar i Sogndal sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vatn frå Sogndalsfjorden skal varme opp bygningar i Sogndal sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 09.04.2014