Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian og Alette Schreiner

Kristian Schreiner (1874-1957) og kona Alette f. Falch (1873-1951) frå Oslo. Kristian Schreiner var anatom og antropolog, professor i medisin ved Universitetet i Oslo frå 1908. Alette var første kvinnelege lege utdanna i Noreg, og begge arbeidde dei med omfattande antropologiske studiar i Sogn, med særleg merksemd på Sogndal.

Dei virka i ei tid då einskilde innan vitskapen meinte ein kunne vurdere menneske sin personlegdom og intellekt m.a. ut frå hovudform og rase. Dei gjorde m.a. målingar av hovudskallen til folk i ulike sognebygder og klassifiserte dei i grupper som «langskallar» og «kortskallar».

I 1951 publiserte dei artiklar der det m.a. var målt svært store variasjonar i skalleforma til sogndølene, noko som tyda på stor samanblanding av mennesketypar over lang tid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011