Hopp til innhold
X
Innhald

Kvinne fekk dødsdom for samleie med stefaren

I 1791 vart Peder Tollefsson Kvam og stedottera Marita Ingebrigtsdotter stemna for retten, skulda for å hatt samleie. Peder vart sett i ein lensmannarrest på garden Hausa i Sogndalsdalen, men såg snittet til å rømme då han bad om å få løyst av lekkjene for å gå på do. Dei leita med manngard, men fann han ikkje. Dei to vaktene som skulle passe arrestanten, fekk to års slaveri på festninga.

Den mentalt tilbakeståande stedottera Marita vart dømd til døden. Ho vart seinare benåda, men gjekk sidan rundt som tiggar i bygda.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018