Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Sogndal

Kaupanger stavkyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger stavkyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger stavkyrkje

Bygt kring 1190. Dette er den største av dei fem stavkyrkjene i Sogn, med i alt 20 stavar (bærande søyler) i skipet.

Stedje kyrkje

vart bygd i 1867. Arkitekt var Chr. Christie og byggmeister Aghte og Gade.

Tidlegare kyrkjer i Sogndal

– om gamle Stedje stavkyrkje, og kapell og kyrkjer på Åberge, Eggja og Fimreite.

Fjærland kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland kyrkje

vart bygt i 1861. På garden Bøyum i Fjærland stod det ei stavkyrkje frå 1100-talet til 1610. Omlag 1610 – kan hende noko seinare – vart det bygt ny kyrkje i Mundal. Kyrkja er nemnt første gong i 1686.

Norum kyrkje

Bygt 1863. Arkitekt Chr. H. Grosch. Byggmeister Ola Olsen Løken.

Freda prestebustad i Sogndal

Hovudhuset på Sogndal prestegard vart bygt i 1836. Huset er eit godt døme på bergensk kjøpmanns- og embetsmannsarkitektur og er freda. Med tida har tettstaden vakse tett innpå huset, med sjukeheimen på eine sida og studentheimen på ei anna, og dei siste åra er huset prega av manglande vedlikehald.

Den freda prestebustaden i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den freda prestebustaden i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.10.2011