Hopp til innhold
X
Innhald

Laksefisket i Sogndal

To britiske laksefiskarar viser stolte fram dagens fangst i Årøyelvi i 1935. Mannen til venstre er L. E. Dale Shaw, den andre L. R. Hardy. Ukjend fotograf. Eigar: Atle Bondevik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

To britiske laksefiskarar viser stolte fram dagens fangst i Årøyelvi i 1935. Mannen til venstre er L. E. Dale Shaw, den andre L. R. Hardy. Ukjend fotograf. Eigar: Atle Bondevik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Laksefisket i Årøy

Årøyelvi er den korte og fosserike elva som kjem frå Hafslovatnet og renn ut inst i Barsnesfjorden. Den strie straumen er truleg grunnen til at det har avla seg fram ein spesielt kortvaksen og kraftig laksetype.

Årøyelvi med laksebrygger ute i elva. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årøyelvi med laksebrygger ute i elva. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sitjenotfisket

I Barsnesfjorden utanfor Årøy har mange bønder hatt gode ekstrainntekter på laksefiske med sitjenot og krokgarn. Berre på Barsnes var det ei tid fire kilenøter i drift. I Sogndalsfjorden var det også mange kilenøter, og aust for Fimreite var det sitjenøter i Haugeviki og Hønsadn. Aust for Tingastad var det to sitjenøter i Holm. Elles er det kjent at det frå tid til anna kan vere eit svært godt aurefiske ved Meisaneset like aust for Fimreite. Her kan folk som driv dorgefiske med båt, gjere gode fangstar. På slutten av 1800-talet vart laksefisket lovregulert m.a. med fredingstider, og kvart distrikt fekk sitt laksestyre. Sogndals-lensmannen Nils Landmark Lem vart den første formann i Sogn laksestyre frå 1894 til 1909.

I Barsnesfjorden er det fiska mykje laks med sitjenot og krokgarn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Barsnesfjorden er det fiska mykje laks med sitjenot og krokgarn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Laksetrapper i Sogndalselvi

I Fossfossen i Sogndalselvi vart det bygt laksetrapp på 1920-talet. Elveeigarane i den nedre delen av elva leigde lite ut på den tid, men selde i staden fisken som dei fanga til hotell og butikkar. Like etter krigen vart det bygt ny laksetrapp i Fossfossen. I dag går laksen heilt opp til Haukareid. I nyare tid har det lokale sportsfiskarlaget leigd fisket i Sogndalselvi. I 1939 vart det bygt laksetrapp i Ingafossen ved Lereim.

Fossfossen i Sogndalselvi med Stedje Mølle på andre sida av elva. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fossfossen i Sogndalselvi med Stedje Mølle på andre sida av elva. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Laksefreding i fjord og vassdrag

Årøyelvi, Flåmselvi, Nærøydalselvi, Lærdalselvi og Vikja saman med Sognefjorden innanfor ei grense frå Ortmark til Nessane, er mellom dei 52 vassdraga og 29 fjordane i landet der villaksen har fått eit nasjonalt vern. Vernet gjer at det er sett forbod mot nye oppdrettsanlegg i fjorden innanfor den verna sona, og at det m.a. er sett forbod mot kraftregulering i verna vassdrag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011