Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Sogndal

Sogndalsfjøra. Utsnitt av måleri av Bernt tunold. © Blomqvist Kunsthandel.

Sogndalsfjøra. Utsnitt av måleri av Bernt tunold. © Blomqvist Kunsthandel.

Gamle handels- og gjestgjevarstader i Sogndal Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Peter Andreas H. Schelderup

starta landhandel i Sogndalsfjøra i 1862. Han bygde eit stort, kombinert handels- og bustadhus i Sogndalsfjøra og ei stor lagerbu ved sjøen i det området der Lerum-fabrikken seinare har vorte utvida. Sjøbua vart seinare overteken av kjøpmann O. J. Aaberge. Schelderup gjekk konkurs i 1888 og flytta til Hardanger. Seinare tok Andreas Svedal opp handel i Schelderup-huset, men la ned tidleg på 1930-talet.

Handel i Fardal

Fritz Kristian Schultz (d. 1934) starta i 1868 den første landhandelen i Fardal.

Sigurd O. Ylvisåker

- sjå Handel i Fardal.

Ola Hansson Dalaker

dreiv landhandel i Sogndalsfjøra frå kring 1871 til 1897. Butikken hans låg på den tidlegare ”sjukehustomta” der radesjukehuset (sjå Helsestell) hadde lege. Dalaker var også klokkar i bygda. Seinare dreiv Nils Nilsen bakeri på tomta, og dette vart overteke av Sogndals Aktiebageri.

O. J. Aaberge

starta landhandel i Sogndal i 1872.

Sogndal Spareforening

- ei forbrukareigd handelslag - vart skipa i Sogndal i 1873.

Steinarheim

er ein eigedom i gamle Sogndalsfjøra der Kristina Skakkdotter Foss er oppført som landhandlar på 1870-talet.

Nils Reiersen Foss

starta landhandel i Sogndalsfjøra kring 1876. Kring 1903 tok Sjur Olsson frå Luster, ”Døsa-Sjur” som han vart kalla, over butikken. Han dreiv også fiskehandel fram til han la ned butikken i 1939-1940.

Ola Olsson Vee

starta i 1882 bakeri i Sogndal. Seinare utvida han til også å drive landhandel.

O. Olsens Eftf.

- sjå Ola Olsson Vee.

Olsenbui

- sjå Ola Olsson Vee.

Eirik Hansson Njøs

starta landhandel i Fardal i 1883. Han dreiv også eit lite meieri. Her vart også bygt kai og Njøs vart ekspeditør for rutebåtar som i mellomkrigstida konkurrerte med Fylkesbaatane (sjå: Handel i Fardal). Sonen Theodor Njøs tok over handelen i 1920 og dreiv til 1960.

Skak Nilsson Ness

starta landhandel i Sogndalsfjøra i 1883. Sonen Nils Edvard Ness tok over kring 1909 og dreiv til han døydde i 1918.

Nils Hatlestad

dreiv landhandel i ei sjøbu på garden sin ved Fjærlandsfjorden på 1890-talet.

Mundal & Vangsnes AS

Landhandel starta i Fjærland i 1893 av Lasse A. Mundal og Vilhelm L. Vangsnes.

Øystein L. Grøvlen

frå Guddalen i Fjaler starta landhandel i Sogndalsfjøra på 1890-talet.

Anton Sigurd J. Heggheim

- sjå Øystein L. Grøvlen.

Fjærlands Handelsforening

Skipa i 1897 ved at foreninga tok over butikken som Mikkel Mundal hadde drive ei tid.

Fjærland Handelslag

- sjå Fjærlands Handelsforening.

Anders N. Fardal

starta i 1897 landhandel i Fardal. I 1942 tok sonen Aasmund Fardal over, og etter at han døydde i 1954, dreiv kona Kristi Fardal fram til 1973. Ein son av Anders N. Fardal, Nils Friis Fardal, flytta til Hafslo og dreiv landhandel der saman med kona Helga Bjørge.

J. Johannessen Brød- og Kolonialhandel

vart starta i Sogndalsfjøra i 1904 av Johan Johannessen f. Vikøren (1878-1948).

Agnes Skjeldestad Svendsen

og ektemaken Halvdan Svendsen starta landhandel i Sogndal i 1919.

Kristi Lidal

starta i 1925 landhandel på Slinde. Endre J. Lidal tok over i 1938. Firmaet vart no heitande K. Lidals Eftf. Forretninga hadde oljelager og bensinstasjon for Vestlandske Petroleums Compagni og hadde dampskipsekspedisjonen på Slinde.

Herman A. Hundere

starta landhandel på Hundere i Sogndalsdalen i 1927.

Erling Fardal

starta landhandel og bakeri i Sogndal i 1932.

Gunnar Stedje

starta landhandel i Sogndal i 1937. Utanom daglegvarer, selde butikken også klær og jernvarer. Den vart lagt ned kring 1960.

Fjærland Samyrkelag

vart skipa i 1946, og starta i 1947 butikk i leigde lokale hjå Kr. Høisæther. I 1958 vart forretninga slegen saman med Fjærland Handelslag - tidlegare Fjærlands Handelsforening.

Sogndal Samyrkelag

vart skipa i 1946 som eit direkte framhald av Sogndals Aktiebageri - sjå elles Coop Mega Indre Vestland.

Forretningsbygget som Kaupanger Samyrkelag sette opp i 1953 er i dag bustadhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forretningsbygget som Kaupanger Samyrkelag sette opp i 1953 er i dag bustadhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger Samyrkelag

vart skipa i 1948. Laget sette opp eit stort forretningsbygg ved Amlabukti i 1953, og same året gjekk dette laget inn i Sogndal Samyrkelag, som frå då av dreiv forretninga i Kaupanger som filial. Denne vart i 1986 flytta frå Kaupanger til Kaupangersenteret på Kaupangerskogen. Sjå elles Coop Mega Indre Vestland.

Coop Prix på Kaupangsenteret. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Coop Prix på Kaupangsenteret. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Samvirkelag

Sogn Samvirkelag vart skipa i 1965. I 2000 gjekk laget inn i Coop Indre vestland BA.

Coop Mega Indre Vestland

- sjå Sogn Samvirkelag.

Coop Sogn og Fjordane

skipa 2004 – Sogn Samvirkelag.

Coop VestBA

- sjå Sogn Samvirkelag.

K-senteret

vart starta av Kåre Navarsete i Sogndal i 1969.

Meny Sogndal

- sjå K-senteret.

Slindesenteret

frå 1983. Sjå: Slinde Transport AS.

Kaupangersenteret

vart bygt av murar Steinar Eikevik i 1986.

Fjøra Mat

Jan Knut Einarsen starta Fjøra Mat i Sogndal i 1989.

Rema 1000

i Sogndal 1991 - sjå Fjøra Mat.

Sogningen Storsenter

0pna i 1998, og er eitt av dei største varesentra i Sogn og Fjordane med over 40 forretningar og andre serviceverksemder.

Eurospar

vart starta i Sogndal i 1998 av Rolf Navarsete - sjå K-senteret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2013